Eg har heilt gløymt å blogge selbuvottane eg sleit med i lang tid. Eg hadde ei vond skulder, så ein kan seie at det tok uvanleg lang tid å ferdigstille dei, men eg er iallfall nøgd. Strikka i Silja strømpegarn. Oppskrifta er frå heftet “Selbustrikk”, kjøpt på Husfliden i Levanger. It took some time to [...]
Eg er mor til ein liten grublar. For tida er han litt oppteken av tenner og tannfeen. Sjølv har han (til si store sorg) alle melketennene intakte, og difor opptek det han litt dette med glaset med tann i som vert til pengar over natta. I dag grubla han seg inn på dette sporet: “Mamma, [...]
ny bil!!! Renaulten gjekk langt frå EU-testen, og på grunn av dyre naudsynte reparasjonar, vart vi samde om heller å bytta ut bilen. Det vart ein ny franskmann, ein Citröen Xsara. Korleis uttaler ein Xsara? Iallfall, ein 2000 modell som er knakande god å køyre. Og fiiin: No, Cat, har eg blogga. Så har du [...]
Kvar dag ser eg nye ting som kan fjernast frå huset. Eg har rydda Even sitt rom denne veka, og der plukka eg mellom anna ut bilete-bøker frå hylla hans. Eg trur vi skal gje dei bort til eitt eller anna “godt formål”. Er det nokon som har gode idéar?
Som eg sa i går, så går eg over til å blogge decluttering per veke i staden for per dag. Eg kjente eg fekk avsmak for heile blogginga når eg hadde eit press på meg til å skriva om eitt bestemt emne når eg eigentleg ville skriva om noko anna, men ikkje fann tid til [...]
Eg er ikkje daud. Ikkje halvdaud ein gong. Ikkje så mykje som småsjuk heller, anna enn litt hoste. Eg hadde berre gått litt lei av blogginga. Eg hadde stendig mange planar i hovudet for kva eg skulle skrive om, men då eg kom så langt, så … Tja, eg orka rett og slett ikkje. Men [...]
Tor Inge er 37 år i dag. Gratulerer med dagen, kjærasten min! <3
Eg har fått ei utfordring frå Mari! 6 ting som gjer meg glad akkurat no: Bilen er fiksa! Den hadde ein liten feil som gjorde at dashbordet og baklysa var mørke, men i dag vart han reparert på verkstad. Ikkje vart det avskrekkande dyrt heller! Eg har Snickers i skapet som eg snart skal ete. [...]
Dei siste dagane har eg vore flink, om eg må seie det sjølv! Eg har rydda på “litj-stua”, og derifrå vart det kasta ein heil søplesekk med ting, mellom anna to te-lysestakar som eg ikkje har brukt på lenge på grunn av at dei er ganske vaklevorne, og dermed er skumle å ha lys i. [...]
Eg har snik-kasta ting dei siste dagane … Til saman har eg kasta over 20 ting frå jenterommet, men noko var faktisk verkeleg søppel då. Det siste eg kasta i dag, var ei øydelagt porselensdukke, og det er ikkje noko ein treng ha liggande “i tilfelle”! Har du gløymt kva decluttering er, eller kanhenda det [...]