Utfordring

Eg har fått ei utfordring frå Mari!

6 ting som gjer meg glad akkurat no:

  1. Bilen er fiksa! Den hadde ein liten feil som gjorde at dashbordet og baklysa var mørke, men i dag vart han reparert på verkstad. Ikkje vart det avskrekkande dyrt heller!
  2. Eg har Snickers i skapet som eg snart skal ete.
  3. Det er lønningsdag i morgon
  4. Skuldra mi, som har hatt ei betennelse, er nesten så god som ny, så no kan eg strikke att!
  5. Eg fann jordbær-te på Mega i dag! Mmmmm!
  6. Eg har ein flott familie som eg er veldig glad i!

Nyfiken som eg er, vil eg gjerne utfordra Lena (sjølv om eg veit kva ho er mest glad for akkurat no), Beyla (som ikkje ser ut som om ho er spesielt glad for noko i dag) og Mormor! Nevn 6 ting som gjer deg glad akkurat no.

Tags: , ,

No Responses to “Utfordring”

  1. Beyla Says:

    Aaaaaahaaahaha… Synes det var en YPPERLIG utfordring, jeg!! Skal se hva jeg får til nå som vi har fått nettet tilbake.. Telenor er ikke vår venn. Basta! men nåå er det fikset, og vi kan igjen lete etter bolig…

    Beylas last blog post..Dropped stitches og andre ufinheter

Leave a Reply