Decluttering veke 13 av 52
Eg har rydda i gangen att! Og no har eg i tillegg til å fjerna saker og ting hengt opp mellom anna ei hylle og fleire kroker til å henge ting på. Og så har eg laga eit nytt System i lag med Even. Vi har funne oss ei plastkasse med lokk som står i trappa, og i den kassen skal vi legge “småting” som elles ligg på golvet i gangen, midt i trappa e.l. Og så skal eg ta på meg å masa på alle familiemedlemma innimellom slik at alle tek med sine ting frå kassa, og det som vert liggande att, går i søpla. Genialt om eg skal seie det sjølv!
- Ingen postar liknar denne!
Tags: decluttering

October 7th, 2008 at 12:03
Enig!