Adventsdikt
Sunday, November 30th, 2008I fjor ga eg dykk eit adventsdikt, slik mamma alltid gjorde for oss ungane, og eg fann ut eg skulle gjere det same i år. Versågod! Håpar de har glede av det. (Og hugs: Spør om lov viss du ynskjer å bruka det sjølv)
Kjærleiken
Det kom ein liten gut til meg
han var så blid og sa;
korleis har du det i dag,
sei, er det riktig bra?
Du ser så trøytt og lei deg ut
og ryggen din er rund,
kom set deg ned
i lag med meg
og kvil ei lita stund.
Men kor kjem du ifrå, sa eg
du var `kje her i stad
og kven er du,
kva vil du meg
du vesle – som er glad -.
Kan hende ifra evigheit
kjem eg, og på min veg
eg ser di kavar, strevar, slit
og balar – difor kjem eg hit.
For eg er den som elskar,
når du gret – så gret eg med.
No kjem eg hit og helsar
og ynsker deg:” Guds fred”!
Eg kjem til deg med kjærleik
frå han som alltid var
- som var og er og vera skal
ja, han som er din far.
Han elskar deg, i smått og stort
og ser deg som du er
ja, sjølv om du får inkje gjort
han har deg like kjær
og kjærleiken fell aldri bort!
Då kvapp eg høgt – eg sovna visst
på stolen her, ei stund.
Så rart – for ei lykke eg kjente
etter ein slik liten blund -!
Men vent no, eg hadde besøk her,
ein glad liten førjulsgjest -.
Så sit eg med tårer av takksemd
og tenker – eg trong det vel mest -
Eg hugsar hans ord om kjærleik,
eg hugsar alt det han sa
eg seier med smil ut i lufta;
no skjøner eg at du var glad,
for du som går med kjærleiksbud
du går med glede ifrå Gud -.
Gløym ikkje kjærleiken, sa han,
i alt dette mas i ditt sinn.
Så no set eg rett over kaffien
og ropar på mannen min -!
Hjørdis Gausen Renli
