Adventsdikt
I fjor ga eg dykk eit adventsdikt, slik mamma alltid gjorde for oss ungane, og eg fann ut eg skulle gjere det same i år. Versågod! Håpar de har glede av det. (Og hugs: Spør om lov viss du ynskjer å bruka det sjølv)
Kjærleiken
Det kom ein liten gut til meg
han var så blid og sa;
korleis har du det i dag,
sei, er det riktig bra?
Du ser så trøytt og lei deg ut
og ryggen din er rund,
kom set deg ned
i lag med meg
og kvil ei lita stund.
Men kor kjem du ifrå, sa eg
du var `kje her i stad
og kven er du,
kva vil du meg
du vesle – som er glad -.
Kan hende ifra evigheit
kjem eg, og på min veg
eg ser di kavar, strevar, slit
og balar – difor kjem eg hit.
For eg er den som elskar,
når du gret – så gret eg med.
No kjem eg hit og helsar
og ynsker deg:” Guds fred”!
Eg kjem til deg med kjærleik
frå han som alltid var
- som var og er og vera skal
ja, han som er din far.
Han elskar deg, i smått og stort
og ser deg som du er
ja, sjølv om du får inkje gjort
han har deg like kjær
og kjærleiken fell aldri bort!
Då kvapp eg høgt – eg sovna visst
på stolen her, ei stund.
Så rart – for ei lykke eg kjente
etter ein slik liten blund -!
Men vent no, eg hadde besøk her,
ein glad liten førjulsgjest -.
Så sit eg med tårer av takksemd
og tenker – eg trong det vel mest -
Eg hugsar hans ord om kjærleik,
eg hugsar alt det han sa
eg seier med smil ut i lufta;
no skjøner eg at du var glad,
for du som går med kjærleiksbud
du går med glede ifrå Gud -.
Gløym ikkje kjærleiken, sa han,
i alt dette mas i ditt sinn.
Så no set eg rett over kaffien
og ropar på mannen min -!
Hjørdis Gausen Renli
- Postar som kanskje liknar:
- Wanderers Nachtlied II
- Med åtte roser
- Haust


Nydelig dikt. Tusen takk for det.
Jeg er i “byen” i Aberdeen, jeg må få julehandlet litt. Men når jeg kommer hjem til helgen skkal jeg endelig få pyntet litt jeg også. De har ikke advent sånn som oss her, og jeg savner det.
Har jeg noengang fortalt deg hvor godt jeg liker bloggen din?
Ha en fin uke