Her kommer vinter’n

Då eg vakna i morges var det merkeleg stilt etter stormen som herja i natt. Og då eg såg ut, såg eg kvifor:

Etter å ha køyrd to lukkelege ungar på skulen, og vore innom butikken og handla litt, fann eg ut at eg skulle gå tur med Reico. I kne-lang kåpe og dongeribukse var eg ikkje heilt turkledt, men eg veit at dersom eg skulle skifte fyrst, er det ikkje sikkert det hadde vorte nokon tur.

Reico var minst like lukkeleg som ungane.

Og så er det så VAKKERT når det vert kvitt. Berre sjå her:

På turen heimover, fekk eg så ørneparet som bur her i nærleiken, men det var ikkje lett å få brukbare bilete av dei, men den eine av dei, er på dette biletet:

Med ekstra zoom ser du ho vel?

Og så var me heime att:

Friskt og godt var det, for både kropp og sjel. I helga er det arbeidshelg. Dersom det snør meir, håpar eg på flinke brøytarar!

Tags: , ,

4 Responses to “Her kommer vinter’n”

  1. Lena Says:

    Det ble så lyst og trivelig synes jeg. Men – snøen var tung, var ute å prøvde skufla og det ble for heavy for meg… Nydelig bygd vi bor i, herlige bilder du har tatt. Ha en fin helg:)

  2. Marit Says:

    Flotte blå vinterbilder! Vinteren er min favorittårstid. Er innom loggen din innimellom – fin blogg du har!
    Artig med ørn i nærområde, det har vi også og det er spennende å følge med på dem.

  3. Hege Says:

    Flotte bilder!
    Vi har også fått en del snø den siste uka og jeg håper den blir liggende nå.
    Er så mye lysere ute med snøen.

    Ha ei finhelg :)

  4. HildeS Says:

    Herlige bilder. Ja vi hadde en flott dag på fredag og i dag har det også vært fint her.. Men i går var det ille, og jeg skulle egentlig ha kjørt til Grong i natt for å ta toget til Oslo, men måtte snu pga føret.. Men jeg prøver på nytt i morgen så da håper ejg det blir greit likevel..

Leave a Reply