Juleønske


Som Lin tok eg sjansen på å spørra ungane kva dei ønska seg til jul, og naturleg nok fekk eg svar. Ulike svar, ut frå alder og interesser, og det i seg sjølv er grunn god nok til å be om ønskeliste; det er spennande å sjå kva ungane er opptekne av akkurat no.

Thomas er utan tvil tenåring. På ønskelista hans står mellom anna digitalt kamera, bærbar PC, Ipod, el-gitar, klær, renati hårvoks, pengar … Og så Den Store Draumen då: Tur til Manchester.

Linn-T. er 11 år, med dei ønske det fører med seg; spel til PS2, NDS og PC, sikkerheitsvest til riding, keyboard, bok om hestar, ulike brettspel, og mikroskop for å nemna noko.

Hulda som går i fjerde har mange av dei same ønskene som Linn, men mindre fokus på hest

Malformation erectile buy amoxicillin online The premise and purpose of the study. As Is known, the patients in the study were subjected to an evaluation outpatient.

. Ho ynskjer seg mellom anna eit staffeli, trommer, DVD-filmar, MGPjr CD og sparkstøtting i tillegg til dei “obligatoriske” ønska ho har felles med Linn.

Even er jo fem år (snart 6) og fyrsteklassing, og det speglast òg i ønskelista: Lasersverd, star wars-ting, lego- eller playmobilborg, togstall (brio), playmobilhelikopter, bøker og fjernstyrt robot for å nemna noko.

Alle fire har krydra ønskelistene med nokre litt rimelegare (og meir fornuftige?) alternativ som godteri (Thomas), teiknesaker (Linn), Littlest Pet Shop-ting (Hulda), ullundertøy (Linn og Even), papir stanse-sett (Hulda og Linn) og tannbørste (Even).

Det finnast òg nokre litt spesielle (eller atypiske) ønske på listene, men det mest spesielle var å finna på Even si liste. Han ønsker seg fleire kapittel om Brødrene Løvehjerte! Vi har lese boka 2 gongar, men Even er nyfiken på kva som hender etterpå.

Det er forresten Even som òg har det søtaste ønsket i år, for då ønskelista eigentleg var ferdigskrive kom han på det: “Også må det stå at æ ønske fred på jorda!”

-Så kva er vel eit skarve helikopter, Lin?

Tags: , , ,

No Responses to “Juleønske”

  1. Mari Says:

    Herlige lille Even! Lasersverd og fred på jord – fin kombinasjon! Har en utfordring til deg på sida mi :)

  2. Tankar ved eit tastatur » Blog Archive » Adventstida er her! Says:

    [...] dag har vi vore på julehandel i Trondheim. Fred på jord var ikkje å finna i butikk, men vi fann heldigvis andre ting det gjekk an å [...]

  3. tankar ved eit tastatur » Blog Archive » Takk for det gamle! Says:

    [...] Vinteren kom i november, og vi byrja gle oss til jul! [...]

Leave a Reply