Archive for November, 2008

11/11

Tuesday, November 11th, 2008

Åtte år etter, er sorga litt meir til å bera. Eg treng ikkje halda alt på avstand. Eg kan gje meg sjølv lov til å ta fram kjenslene og sjå at det gjer vondt utan at det riv meg sund. Iallfall ikkje heilt sund.

I dag har eg vore på grava. Eg tente ljos og la att ein liten nett krans av bar og blomar som ei jente på blomsterbutikken batt for meg, akkurat slik eg ville ha han. Men det var ikkje slik denne dagen eigentleg skulle vera. Ein skal ikkje ha “bursdag” for ungane sine ved ein gravstein.

Mamma skreiv i ettertid eit dikt om korleis ho såg meg utanfrå den gongen for 8 år sidan. Diktet er i boka hennar, Byttingen, men eg tenkte å dela det med dykk her òg.

To mødre.

Du smiler mot meg
men armane dine ligg
som døde fuglar i fanget
verkande tomme.
Skulle vori born i dei
To små gutar
skulle dei famna
Sonene dine
som ikkje fekk leva.

Du smiler, vesle,
men sinnet ditt leitar
i lengt
etter dei små
leitar – langt bakom der
kor ingen kan nå -.
Men sjå ikkje på meg, barn
sjå ikkje på meg!
Augo dine brenn sår
i sjela mi -.
Sjå ikkje på meg -
augo dine
er hundre år – - .

Ikkje bruk diktet utan å spørra fyrst. Det er beskytta av Lov om opphavsrett

Eg er hudlaus no, midt i november. Men eg har vore her før. Eg veit det vert betre att snart.

Kjøkkenrydding

Sunday, November 9th, 2008

I dag fekk eg det for meg at eg skulle rydde bestikkskuffa på kjøkkenet. Og plutseleg hadde eg tømt, rydda og vaska alle 12 skuffene, gryteskapet og skapet med kopphanddukar og tuer. Det er ikkje så lenge til jul, vel? Det vert iallfall ikkje gjort fleire gongar før jul i år, men no veit eg iallfall stort sett kva eg har, og det er ein fordel med tanke på julebaksten òg.

(Og vess du lurar; eg gler meg til jul. Masse!)

Ævve borte!

Sunday, November 9th, 2008

Hah! Eg gjorde eit kast med hovudet for å sjå ut vindauget. “Knekk” sa det i nakken, og vips var ævven vekk! Vart ganske svimmel og rar med det same, men no er eg så god som ny! :D

Decluttering veke 17, 18 og 19 av 52

Saturday, November 8th, 2008

Eg har (som Mari) faktisk byrja å tenke så smått på julerydding, og i samband med dette er det lett å decluttera. I ryddinga av loftsgangen kasta eg mellom anna dette:

Kinderegg-leikar

2 øydelagte lamper

malebok (halvvegs brukt, men tydelegvis forkasta av eigaren)

gamle papir

øydelagt regnbukse

Lagt vekk: Klær som er for små

Ævve!

Saturday, November 8th, 2008

I eit eller anna innfall der eg heilt tydeleg trudde eg var mjuk og akrobatisk, kasta eg meg ned i senga i går, og sikta på armkroken til gubben … Og bomma! Eg høyrde ein ekkel knaselyd ein eller annan stad i nakken, og i dag kjenner eg at Noko Er Feil. Her sit eg med rispute over nakken, murrande hovudverk og svimmelheit og ber ei stille bøn om at det skal gå over. Eg er trass alt nyleg friskmeldt etter skulder-ævven min!

Novemberhimmel i brann

Wednesday, November 5th, 2008

Måndag kveld såg det slik ut her:

Bileta er teke frå trappa her heime. Eg elskar denne utsikta!

Bathat in Wisconsin!

Wednesday, November 5th, 2008

By linking to me, Cathy-Cate brought to my attention that she was knitting the bathat. When I saw it finished today, I was so proud. Maybe I’m a bit childish, but the thought of my design beeing used in other parts of the world really makes me happy! And with such a cute face under the hat, it sure is good PR. ;)

Want to knit one too? You can find the free pattern here (or download from ravelry). And as you see, a simple link back to me makes me (ridiculously) happy.

Trufaste lesarar!

Tuesday, November 4th, 2008

Bloggurat fann eg ei liste over “Flest besøk per besøkende”, og der er det tydeleg at eg har ein trufast liten skare!

Nett no er eg på plass nr 22, og dette tyder; 1.84 besøk i gjennomsnitt fra 141 forskjellige besøkende siste syv dager.

Eg er nøgd eg! Takk for at de kjem attende! :)

(Elles kjenner eg at eg ikkje har stort å melde for tida. Eg er litt oppteken i meg sjølv. Det er november. Det vert betre om ei stund!)

Ny strikk!

Sunday, November 2nd, 2008

Eg har strikka meg ein hals av det fantastiske garnet Complice og Fuori di testa frå Tropical Lane som eg kjøpte hjå Sofies garn. Eg er ikkje spesielt glad i å bli teken bilete av, men no får de altså sjå både den nye halsen og den nye frisyren eg fekk torsdag:

Halsen er veldig enkel å strikka, ei lang remse der kortenden til sist syast fast på starten av langenden. Dårleg forklart, men de får spørra om de treng det! :)

Ha ei fin veke alle saman!

Halloweenungar

Sunday, November 2nd, 2008

Slik såg mine ut fredag kveld:

Var dei ikkje flotte? :)