Wanderers Nachtlied II

Über allen Gipfeln
Ist Ruh,
In allen Wipfeln
Spürest du
Kaum einen Hauch;
Die Vögelein schweigen im Walde.
Warte nur, balde
Ruhest du auch.

-Johann Wolfgang Goethe (1749-1832)

Rytmen i dette diktet er fantastisk god. Eg lærte det i 2002, trur eg, og sidan den gong har det hoppa fram i hovudet mitt med jamne mellomrom.

Det finnast eit utal norske omsetjingar av dette diktet, og dette skuldast mellom anna (i følge eit foredrag av Knut Hoem) at det i 1932 vart halde ein konkurranse om å laga den beste omsetjinga av dette diktet. I Noreg kom det visstnok inn så mykje som 1147 omsetjingar!

I hovudet mitt svirrar to omsetjingar, ei på bokmål og ei på nynorsk. Bokmålsomsetjinga er André Bjerkes verk, og lyder slik:

Over alle tinder
er fred.
All skogens vinder
tones ned
i åndløs kveld
og fuglene tier blant graner.
Vent, før du aner
stilner du selv.

Den andre omsetjinga har eg tusla rundt og trudd at var Åse Marie Nesse sitt verk, men omsetjinga eg minnast, skil seg frå omsetjinga Hoem skriv er Nesse si.

Her er omsetjinga frå Hoem-foredraget:

Over alle tindar
er ro,
dei siste vindar
susar no
lint gjennom lund.
Småfuglene syng ikkje lenger.
Kvil dine venger
sjølv, om ein stund.

Omsetjinga frå hovudet mitt er betre. Heldigvis fann eg denne òg ein annan stad på nettet, så veit eg iallfall at det ikkje er eg sjølv som har kome på noko så genialt. Men det er trist å ikkje kjenna til kven som har skrive det, så dersom du veit det, set eg pris på at du legg att ei lita melding om det.

Les og nyt!

Vandringsmannens nattvise

Over alle tindar
er ro.
Og alle vindar
høyrast no
knapt som eit sòg.
Små fuglen blundar så varleg.
Vente no! Snarleg
kviler du òg.

Tags: , ,

3 Responses to “Wanderers Nachtlied II”

  1. Ingrid Says:

    Hei! den siste oversettelsen du gjengir er av Hartvig Kiran fra 1968 :) Står i diktboken min, “Dikt fra antikken til vår tid” av Haarberg/Skei. Mulig du har fått vite dette alt, men tenkte jeg skulle komme med litt knowledge ;)

  2. Arild Says:

    Hei – Kiran omsetjinga er ei nyting. Vi som hadde tysk på Blindheim ungdomsskule på Sunnmøre ved lærar Dyb fekk også presentert ei omsetjing – skal også vere av Hartvig Kiran. Lurer på kva for ei som er rett? Denne er nesten betre enn originalen… Slik lyder den som vi lærde:

    “Over alle tindar ligg ro,
    vengeslag og vindar stilnar no
    Djupt mellom kratt,
    det tagnar i skogane svarte
    Roa deg hjarte,
    snart er det – natt ”

    Hugsar godt at vi var ein kameratflokk som i kor las denne på ein fjelltopp på Sunnmøre i 1992. Stemingsfullt er det i alle fall. På vegne av dei, takk!

  3. Liv Jorunn Utistog Says:

    Rart å sjå att dette diktet. Då eg gjekk på gymnaset i Bø i Telemark i 1967 fortalde norsklæraren min Jon Homme frå Setesdalen om dette diktet. Han hadde delteke i kokurransen om omsetting av dette diktet. Han las opp vinnaromsetjinga og sitt eige framlegg. Eg hugsar ikkje alt, men eg minnes slutten :
    Venta no
    snart blundar
    snart stundar
    til kvila
    du med.
    Eg trur det var mest det litt såre over ikkje å vinne, som han delte med oss, som gjorde mest inntrykk.
    Liv Jorunn Utistog

Leave a Reply