Takk for det gamle!

I dag er siste dag i 2008, og då er det på tide med ei kort oppsummering av bloggeåret som har gått! I januar kasta eg ut juletreet rekordtidleg, eg og Tor Inge var på skitur og vi feira både bursdagar og at jula var over med pepparkakehusknusing. I februar fekk eg blomar frå mannen [...]

Rive ned og byggje opp…

Eg har hatt ein del problem med nettsidene mine på grunn av eit virus. Sørgjeleg er det, men no vonar eg det skal bli greit att. -Men eg lover ingen ting! Dersom du har kommentert hjå meg, og kommentaren din er borte, kan eg berre seie at eg er lei for det, men eg blir [...]

Juleferie

I går tok eg på meg ei ekstra kveldsvakt, men no har eg sanneleg teke juleferie! I mi 75% stilling, har eg ei friveke av 12 veker på turnusen, og fantastisk nok fell denne veka på nettopp veka som kjem. Det er nesten ikkje til å tru! Dessutan kjente eg at det var bruk for [...]

Hurra for søvn!

I omlag ei veke no, har eg hatt problem med å få sova. Og når eg har somna, har eg vakna att sånn omlag ein gong for timen, som eit anna gjøkur. Naturleg nok vert ein sliten av slikt, så dette er ein “Hurra-post”: I natt har eg sove! Eg trur sanneleg eg har vore [...]

Nærleik

Eg har fått ei flott utmerking frå Ruth, og det gjer meg stolt! Her er ho: “The blog invests and believes the PROXIMITY – nearness in space, time and realationship! These blogs are exceedingly charming. These kind bloggers aim to find and be friends. They are not interested in prices or self-aggrandizement. Our hope is [...]

“Julestri” er eit dårleg ord

… sjølv foretrekker eg førjulskos, for det er nettopp det det er. I dag var eg og Even ute med rattkjelken, men på den andre turen gjekk det skeis. Fyrst ramla eg av, og så gjorde kjelken eit rundkast, og Even hamna med andletet ned i skaresnøen. Eg måtte spørra han om det gjekk bra [...]

Eit funn og ei utfordring

Eg søkte etter “adventsdikt” i dag, og då ramla eg inn på ei side kalla “Stillhetens visittkort“. Og der vart eg. Lenge. Ta ein kikk du og? Så til utfordringa. Eg vart så sett ut då Mari skreiv “skjønne Monica”, at eg har sanneleg ikkje somla meg til å ta utfordringa enno. Men no skal [...]

Bloggurat?

Hm, eg slit litt med sidene mine for tida, og plutseleg var eg borte frå Bloggurat. Har prøvd å plassera meg att, så får vi sjå!

Pakke til meg!

Eg vert alltid så lukkeleg når postbilen stoppar utanfor her. Og denne gongen hadde han med ei søt pakke frå Kina (neidå, det er ikkje fyrste gong!) som var sendt som rekommandert sending. Eg måtte berre fortelja han kva det var som var inni, og då fekk han seg ein god latter. Det er visst [...]

Julekalender

Julekalenderen her i huset ser slik ut. Dersom du ynskjer deg ein julekalender, vil eg oppmoda deg til å følga med på kalenderen til Maren. Det fyrste innlegget lovar godt for den neste dagane! God førjulstid!