Juleferie

I går tok eg på meg ei ekstra kveldsvakt, men no har eg sanneleg teke juleferie! I mi 75% stilling, har eg ei friveke av 12 veker på turnusen, og fantastisk nok fell denne veka på nettopp veka som kjem. Det er nesten ikkje til å tru! Dessutan kjente eg at det var bruk for meg på jobben i går, og då er det endå lettare å ta juleferie med godt samvit.

I dag har eg rundvaska badet, laga pepparkakehus og marsipanfigurar i lag med ungane, og prøvd å få unna ein haug med klesvask. No er eg rimeleg pumpa.

Ser på fleire bloggar at mange no i kveld er ferdige til jul. Vel, det er ikkje eg. Eg likar best å bli ferdig i laupet av lille julaften så eg kan slappa av då. er det verkeleg jul for meg! Men no skal eg slappa av i eit framleis smårotete hus, og truleg skal eg leita fram ei glas-flaske med Dahls julebrus. :)

  • Ingen postar liknar denne!

4 Responses to “Juleferie”

  1. Hege Says:

    Er heller ikke ferdig med alt som skal gjøres før jul…
    Gulvene trenger en vask og noen småkaker skal ennå bakes ;)

    Ønsker deg og dine ei riktig god jul!

  2. ~SerendipityCat~ Says:

    Åååh…du har Dahls-brus på glassflaske!!! *sikle*

    Det er én av de tingene jeg gleder meg veldig til når jeg skal være i Trondheim i jula :-D

  3. Synnøve Says:

    God jul til dere alle sammen! Håper dere får ei god og fredelig julehelg.

  4. Pappa Says:

    God jul ønskes dere fra meg også!

Leave a Reply