Tankar ved eit tastatur


   Dec 07

“Julestri” er eit dårleg ord

… sjølv foretrekker eg førjulskos, for det er nettopp det det er.

I dag var eg og Even ute med rattkjelken, men på den andre turen gjekk det skeis. Fyrst ramla eg av, og så gjorde kjelken eit rundkast, og Even hamna med andletet ned i skaresnøen. Eg måtte spørra han om det gjekk bra med tennene hans, for han blødde. “BLØR Æ?” sa han, og då kom gråten.

Han blødde ja, men tennene var på plass, og det vart mindre verandaleppe enn eg frykta.

Men skremmande var det visst. Vi tok ein tur til for å overvinna den store skrekken, og så håpar vi at han vil køyre meir kjelke seinare.

Etterpå måtte vi finna på noko, for medan nokon les til eksamen i økologi, har andre glade bakedagar:

Peparkakene vart kjempegode!

Just a few images from this sunday. My son had a small accident when we were out playing in the snow, but the baking made him stop thinking about his lip.

I småstundene om kveldane har eg halde på med eit par prosjekt. Det eine er halvvottar.


I’ve knitted half-mittens. I’m gonna keep these myself. Knitted in Chiri alpaca from Rauma, and they are sooo soft!

I tillegg har eg laga ein julegåve. Mottakaren les ikkje bloggen min, så det er trygt å posta dei. Og sjå! Eg fekk til å hekla ein blome!

These wristwarmers are a christmasgift. I’m proud of the flower. I thought I couldn’t crochet! Knitted in Bamboo from Bernat. I got it in a swap present in a liqourice-swap at swap-bot.

No er eg klar for ei ny veke på arbeid!

You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0 feed. You can leave a response, or trackback from your own site.

No Comments

  1. marteks says:

    Er helt enig i at adventsskos er det beste ordet. Og det ser ut som at det er det dere har hatt i dag. Kjempe fine julegaver. Heldig er hun som får de.

  2. Ruth says:

    Hei. Liten oppmerksomhet til deg i bloggen min.

  3. Synnøve says:

    Stakkars Even, da, håper pepperkakebakinga ga litt trøst også.
    Jeg er svært imponert over heklearbeidet ditt, kjempesøtt!

  4. Hege says:

    Er så enig med deg at det bør hete førjulskos!
    Tror nok at de som kaller det julestri er de som stresser mer enn nødvendig nå før jul ;)
    Bra det gikk bra etter kræsjet.
    Og halvvottene dine er pene.

    Ha ei fin uke med mye førjulskos!

  5. mona says:

    Kos er mye bedre enn stri ja. Og det ser ut som dere koser dere til tross for det lille uhellet. Bra det ikke gikk verrre da.

    Ønsker dere en fin helg!

  6. [...] I desember vart bloggefrekvensen heller laber, men eg fann ein flott blogg som var ny for meg og koste meg med juleførebuingar. [...]

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>