Sovedag

I dag sov eg heilt til 9. Det er lenge til meg å vere. Heldigvis hadde mannen vore oppe og sendt 4 ungar på skule før han sjølv skulle i veg. Langt bak i hovudet hadde eg nokre planar om å Gjere Noko i dag, før personalmøtet klokka 14 og seinvakta etterpå, men det er [...]

Stakkars bloggen!

I eit liv som vert meir og meir travelt, er det bloggen eg ikkje tek med tid til. Førre veke arbeidde eg 5 dagar og var på skule 2 dagar. Og så har eg vore på arbeid i dag. Men no har eg fri “heilt” til onsdag klokka 15. Eg fekk eit innfall her før [...]

På tide med oppdatering

Eg har ikkje vore heilt i “bloggeform” i det siste. Dagane har kome og gått litt for raskt for meg, og i tillegg til alt ein har lyst til å halda på med, må ein jo sanneleg på arbeid innimellom òg … Torsdag feira vi Hulda sin 10årsdag med jentene i klassen hennar. Dei vart [...]

Fisherman’s friend

Eg er med i ein KAL (knit along) på Ravelry der alle skal strikke minst eitt av Jorid Linvik sine fantastiske mønstre, og eg valde dette og er superfornøgd! Eg byrja tidleg i desember og har eigentleg ikkje strikka så lenge på dei, synast eg (det kom liksom noko i vegen for nokre veker sidan [...]

Hysj, det er laurdag!

“Kva skal du gjere i dag då?” sa gubben då han sto der i fullt skiutstyr, klar til å renne rundt i den blaute snøen i ei lysløype ein eller annan stad. “Strikke!” gliste eg “Og høyre på radio og drikke kaffi og kooose meg!” Han heva augebryna lett, og eg kunne sjå eit glimt [...]

Postsecret-prosjekt treng deg!

Takka vere Virrvarr, fann eg òg vegen til hjartesmil og postsecretprosjektet hennar. Ho ynskjer seg (anonyme) løyndomar på postkort som kan publiserast. Spennande, ikkje sant? Postkortet sender du til mariell øyre v/3mka, firda vgs firdavegen 21 6823 sandane Bli med då vel!

Du må ikke sove

Jeg våknet en natt av en underlig drøm, det var som en stemme talte til meg, fjern som en underjordisk strøm – og jeg reiste meg opp: Hva er det du vil meg? – Du må ikke sove! Du må ikke sove! Du må ikke tro, at du bare har drømt! I går ble jeg [...]

Betre seint enn aldri

Muffin inviterte til handarbeidsfest. Dei andre starta visst festen klokka 20 i kveld, men eg har vore på jobb. Eg skal på jobb i morgon klokka 7 òg, så her vert det korkje kaffi eller te. Ikkje ein gong ein kopp orkar eg å syne fram; eg drikk julebrus! På pinnane har eg nettopp fullført [...]

Vinter og sne

en skiløper suser avsted … Hulda vart 10 år klokka 00:05 i natt, og i gåve frå oss her heime, fekk ho denne Bjørn Dæhlie-skidressen. Jentungen har faktisk vorte såpass stor at ho måtte ha XS damestorleik!!! Her er ho (med mine skisko, hennar eigne er jo for små!) klar for skitur i lag med [...]