På tide med oppdatering

Eg har ikkje vore heilt i “bloggeform” i det siste. Dagane har kome og gått litt for raskt for meg, og i tillegg til alt ein har lyst til å halda på med, må ein jo sanneleg på arbeid innimellom òg …

Torsdag feira vi Hulda sin 10årsdag med jentene i klassen hennar. Dei vart til saman 14 stykker, og bursdagsbarnet sjølv hadde tinga “bassengkake”. Kva det er? Jo, det er sjokoladekake med eit gelébasseng. Slik:

Eg skar ut eit stykke av kaka og la aluminiumsfolie i “holet”. Den biten eg skar ut, fekk plass på kaka, og så la eg gelé i holet.

Pyntinga fekk bursdagsbarnet sjølv ta seg av, med stort hell:

Det er ho som er den kunstnariske i familien …

Kaka gjorde stor lykke, og då Even skulle feire 6 årsdag på laurdag (med 16(!) inviterte gjestar), ville han òg ha bassengkake. Hans vart litt meir prega av at det skulle vere mykje godt på ho, men den kaka vart òg flott!

Då kaka kom på bordet, viste det seg at jubilanten sjølv eigentleg ikkje syntest kaka var god, så han åt pølse (sjølv om han nettopp hadde ete 2):

Då var denne bursdagsmaratonen over, og det er eigentleg litt godt …

I små-stundene har eg strikka denne:

“Turn a square” heiter ho, og lua er både enkel og har god passform. Mottakaren seier han er fornøgd, men han ville ikkje bruka ho på tur i dag. Dette var “finlue”, visstnok.

Nokre glimt frå turen med det same:

Det er herleg å bu slik til at ein berre kan kle på seg og gå ut for å vere på tur!

No håpar eg at eg er “opplada” til ei ny arbeidsveke! Ha ei god veke alle saman!

Tags: , , , , , ,

6 Responses to “På tide med oppdatering”

  1. ~SerendipityCat~ Says:

    Så artig den kaka var!! :-D

  2. Hege Says:

    Stilig kake. Og lua ble fin.
    Og ja, jeg er også så glad for at vi bor rett ved skogen ;)
    Er så fint å bare ta på seg skiene, truger eller dra med seg akebrettet ved trappa og gå en liten bit før en har verdens beste akebakke og skogen tilgjengelig. Ville ikke bytta med noen ;)

    Ha en fin uke!

  3. Synnøve Says:

    Så flottte kaker dere laget, ser gode ut, også, ikke rart de gjorde suksess. Ha ei fin uke, alle sammen!

  4. Line Kristine Says:

    Kjempefin kake! Kreativ frøken den datteren din :)

  5. Iskwew Says:

    Fantastisk kake! :D

  6. johnsens strikkeverksted Says:

    johnsens strikkeverksted har fått ny adresse på nettet:

    http://home.online.no/~spion13/

    den gammle vil bli slettet om kort tid

Leave a Reply