Sovedag

I dag sov eg heilt til 9. Det er lenge til meg å vere. Heldigvis hadde mannen vore oppe og sendt 4 ungar på skule før han sjølv skulle i veg. Langt bak i hovudet hadde eg nokre planar om å Gjere Noko i dag, før personalmøtet klokka 14 og seinvakta etterpå, men det er skrinlagt. Eg har fri i morgon. Då kan eg Gjere Noko.

I går vart eg ferdig med “Turn a square”-lua til meg sjølv, og ikkje før hadde eg fått festa tradene, så hadde eg ei ny på pinnene. Dette er mi:

Som de ser på Ravelry-knappen, er eg ein av maaaange som har fått dilla på denne! Og så går det så kjapt å strikka. Kjempeartig!

Hunden Reico er forresten i gang med ein ny antibiotika-kur. Det kunne vere at han hadde ein UVI, og han ser betre ut no. Då han hadde vore hjå dyrlegen såg han iallfall ikkje god ut! Han var sedert i over tre timar, og det vart teke røntgen-bilete og han vart kateterisert og fekk sedasjon og antibiotika intravenøst …

Det som er litt “vittig” no, er at han ikkje lenger hugsar kvar han har vondt, så han kjem stendig og viser fram foten sin. :)

Vel vel, hunden er definitivt betre (sjølv om han ikkje trur det sjølv), og eg er mest spent på korleis vi skal få til å ta ny urinprøve av han etter antibiotikakuren. Trur det kunne ha vorte ein artig heimevideo!

Tags: ,

2 Responses to “Sovedag”

  1. AnnetteK Says:

    Flott lue!
    En liten utmerkelse til deg, ligger i bloggen min. God helg!

  2. Januarsola Says:

    Skjønn hund! Stakkars, ikke greit når den har fire bein å velge mellom ;)
    Lua var flott.

    pst… det ligger en utfordring på min blogg å venter på deg .

Leave a Reply