Vinter og sne

en skiløper suser avsted …

Hulda vart 10 år klokka 00:05 i natt, og i gåve frå oss her heime, fekk ho denne Bjørn Dæhlie-skidressen. Jentungen har faktisk vorte såpass stor at ho måtte ha XS damestorleik!!! Her er ho (med mine skisko, hennar eigne er jo for små!) klar for skitur i lag med Tor Inge. Dei er ved Marka skistadion i Leksdal, der løypene i følge løypekartet skal vere ganske så nypreparerte.

I går kveld var vi fire til bords her, Oddvar(Besten), Hulda, Tor Inge og eg, og på menyen sto roastbeef, hasselbackpotet, grønnsaker og fløtesaus. Og fruktsalat til dessert.

For å få kvelden til å gå, koste vi oss med å sjå Mamma Mia på DVD, drakk kaffi og åt småkaker og prata masse.
Som einaste unge heime, var det nok av plassar å kose seg.

Då klokka hadde passert elleve, var det vanskeleg å halda seg vaken for nokre av oss, så kva passar vel betre då enn ein liten tur ut? Ho vakna definitivt etter dette!

Då klokka nærma seg tolv-talet var det på tide å ta turen ut. Vi har veldig god utsikt heimefrå, både mot Trones, Ytterøya, Mosvika og Røra, så vi såg masse fyrverkeri!

Då moroa var over, gjekk vi inn att, og Hulda fekk opne gåvene sine. Ho hadde problem med å tru at nokon kan skriva så pent som Tante Ellen, så ho måtte sjå lenge og vel på kortet.

Ei av pakkene var litt meir spennande enn dei andre:

Eg må innrømma at eg kjenner alderen tyngar. Ho som ikkje har hatt mobiltelefon før, brukte maks 5 minutt på å finna ut av korleis den fungerte. Eg må alltid lese bruksanvisninga …

Håpar alle hadde ein fin kveld i går, eller “God nyttårsaft!” som Even sa til meg i telefonen. Eg ynskjer alle alt godt for 2009!

Tags: ,

4 Responses to “Vinter og sne”

  1. Hege Says:

    Godt nyttår og gratulerer med 10-års dagen Hulda!
    Håper det nye året blir fyllt med glede :)

  2. Lasse G. Dahl Says:

    Gratulerer med dagen, Hulda! Og godt nyttår, til deg og resten av familien.

  3. Ellen Says:

    Godt nytt år og gratulerer med dagen til både Hulda og Even!

  4. Mari Says:

    Oioi, 10 åring Monica! Det må jeg si! Gratulerer med dagene til begge ungene :) Kjempekoselige bilder, og jeg må nok en gang påpeke likheten mellom deg og Hulda!

Leave a Reply