Likestilling ved grytene!

Ofte når eg er på tur heim etter arbeidstid, slenger eg ut av meg at eg skal “heim for å sjå om nokon har laga middag til meg”, og ofte når eg seier dette får eg reaksjonar som “Åh? Er du heldig du?” eller “Har du verkeleg ein mann som lagar middag?” Dette undrast eg litt over, for sist eg undersøkte, så åt vi jo middag både eg og mannen, så kvifor i all verda skal han då ikkje laga den? Hadde han fått same reaksjon dersom han hadde sagt dei same orda? Neppe! (Han derimot opplevde at det vart teke som ein fleip då han hadde sagt at han skulle heim og lage middag …)

Eg veit ærleg tala ikkje om Mannen er så veldig glad i å laga middag, men han har stort sett eit langt større tolmod enn meg ved komfyren. Han kan ta seg tid til å laga middagar eg ikkje orkar tanken på å byrja med ein gong, det mest tidkrevande eg lagar trur eg er klubb og duppe, men det er berre når eg har ein fridag. (Dessutan påstår Mannen at han ikkje får til å laga det, og eg let som om eg trur han. Noko kan eg òg gjera) ;)

Eg er forresten så heldig at eg har fri både torsdag og fredag, og i og med at Mannen visstnok skal på skulen desse dagane, må eg nok ta meg av middagen då. Og eg trur det må bli klubb og duppe ein av dagane, for eg vart så svolten då eg såg dette biletet:

  • Ingen postar liknar denne!

Tags: , , ,

4 Responses to “Likestilling ved grytene!”

  1. Ruth Says:

    Jeg tror nesten alle menn jeg kjenner og har kjent elsker å lage mat, så jeg trodde ikke det var noe rart med det. Dear Husband er en kløpper til å lage roastbeef og yorkshire-pudding og han er alltid den som lager de virkelig STORE middagene her i huset.
    Barnet er også en ivrig kjøkkenskriver og ringer meg stadig for å få litt hjelp med oppskrifter og jeg snakker ofte om mat og sauser og oppskrifter med kamerater rundt omkring.

    Arbeidskameratene dine må ha fått seg skikkelig snåle gubber.

  2. malla Says:

    Her hos oss er det den som kjem fyrst heim som lagar middag. Så det blir ganske likt fordelt. Det trudde eg var vanleg i alle heimar

  3. betty42 Says:

    Djezzus, nå fikk jeg også lyst på klubb og dupp.

  4. minica Says:

    Betty: Serverast her i morgon (trur det vert i morgon iallfall!). Berre kom, du! ;)

    Malla: Eg er særs glad eg har lange dagar på jobb nettopp på grunn av dette … :)

    Ruth: Etter å ha sett “Da damene dro” på TV i går (Omtale her) trur eg ikkje dei rundt meg er så spesielle …

Leave a Reply