ABC i ord og bilete -D

Min D står for Drage! Ein herleg julidag i fjor var vi på stranda. Det var visst perfekt dragever, for det var litt vind. Men herleg varmt var det likevel. Her er ein som vart fascinert over dragen: Hjå Petunia finn du fleire ord og bilete på D.

ABC i ord og bilete – C

Bokstaven C var ikkje så lett. Eg var innom ein del løysingar, mellom anna cd, cohen, chumbawamba og charm … Men eg endte opp her: Camping Då eg var lita, var det camping som var ferie. Pappa pakka Mazdaen full med hustelt, campingbord- og stolar, kjølebag, mat, kle og alt anna ein kunne finne på [...]

Travel fridag

I dag har eg hatt fri, så eg tenkte eg skulle baka ein gjærkrans til foreldremøtet i kveld. Når eg fyrst var i gang, bakte eg 4 brød òg. Og midt i dette gløymde eg å passa godt nok på kransen i omnen, så den vart veldig mørk! SÅ mørk skal den ikkje vere! Det [...]

ABC i ord og bilete -B-

B for Besten! Min stefar og ungane sin Besten. Besten stiller alltid opp, anten det er som barnevakt eller som kokk på julaften. Då Hulda var lita og eg var åleine med ho, bar han ho milevis då ho gret på grunn av kolikk. Då mamma vart sjuk, tok han seg av ho heile tida. [...]

Det merkelegaste …

Det merkelegaste er slett ikkje at eg ropar ned frå loftet og spør hunden kva han held på med. Det merkelegaste er at eg faktisk står og ventar på at han skal svara meg.

ABC i ord og bilete

Petunia har invitert oss med på ABC i ord og bilete! A står for aking: Aking er ein god ting med vinteren! Vi har ein fin åker på baksida av huset, og der er det flott å aka. Denne dagen, i november i fjor, var det meir is enn snø på åkeren, så ungane fekk [...]

Det går mot vår

Eg kjenner det går mot vår! Dagane er lengre og lysare, men no kan eg nyta snøen. Eg veit den ikkje vert her for alltid. Det sildrar frå takrennene, og eg har sett bar asfalt fleire stader. (Jaaada, eg veit det nok kjem meir snø, men akkurat NUH er det vår!) Eg tok bilete gjennom [...]