Sommardag!

Sanneleg har vi hatt sommartemperaturar i dag, trass i at det enno berre er april! Vi har vore på Inderøya og lagt ut båten til Oddvar. I fjor gjorde vi det den 20. april, då var det på langt nær så herleg ver. I dag var det faktisk shorts-ver for dei tøffaste av oss (ikkje [...]

ABC i ord og bilete -H

H er lett; H er Hulda: Den vakre, vesle jenta mi som føddest 010199 klokka 00:05 og vart nyårsbornet i Midt-Noreg. Hulda var ein slik baby som var med over alt då ho var bittelita, vi var på sommarleir med målungdomen og på ferie på Fauske allereie den fyrste sommaren ho levde, og ho slo [...]

ABC i ord og bilete -G

G for Gamal Eg fann ein skatt på Bruktbo på Levanger; ein gamal amerikakoffert: Stria på lokket var øydelagt fleire stader, så den har eg byrja fjerna på dette biletet. Her er all stria borte og pussinga har starta: Maling pågår: Det siste som skal gjerast, er at eg skal pussa og mala innsida òg. [...]

ABC i ord og bilete -F

F for Friluftsliv: Så herleg er det mogleg å ha det berre 10 minutt unna heimen! Og når vi sit akkurat her, har vi denne utsikta: Flott, ikkje sant? Desse bileta er teke 15. mars i år. No må du nok leite lenge for å finna så mykje snø! Fleire ord og bilete på F [...]

ABC i ord og bilete -E

Min E står for min herlege son Even: 31. desember 2002 kom han til verda, tre dagar på “overtid”. 3160 gram og 48 cm var den lille mannen då han fann det for godt å koma ut av magen. Påska 2004: Hausten 2005: Våren 2006. Vi var i konfirmasjon, og Even fann den einaste søledammen [...]

Kort påskeferie

Eg sit her og kjenner at eg er litt misunneleg på dei som har påskeferie. Sjølv skal eg arbeide måndag, tysdag onsdag og (lang)fredag i veka som kjem. Men slik er det når ein arbeider turnus! God ferie til dei som har fri.