Oreokake

Av kommentarane til førre innlegg, ser eg at nokre er litt nyfikne på denne kaka, så eg tenkte eg skulle ta på spanderbuksene og dele oppskrifta med dykk.

Det “vanskelegaste” med oreokaka er at ho er tidkrevande, det er så sabla mykje venting mellom kvart “lag”.

Her er ingrediensane:
1 pk. Philadelphia original (200 gr.)
1 liten boks kremfløyte
2,5 dl. melis
450 gr. Oreokjeks (tre esker er nok viss du brukar dei eg har bilete av under her )
100 gr. smør
2,5 ss. sukker
1 pose sjokolademoussé
Mjølk til sjokolademousséen

Eg brukar den pakken med Oreokjeks som ser ut (nesten) som denne:

Den inneheld 16 kjeks, og du treng 36 dersom du brukar mi oppskrift og ei rund form med diameter 22-24cm (trur eg det er).

Smuldre 28 kjeks, anten i pose ved å hamra laus på dei med kjevle (veldig bra viss du er i dårleg humør), eller i matmølle (viss humøret er bra!). Dersom du smuldrar med kjevle, må du smelte smøret du skal blanda i, men dersom du bruker matmølle, kan du blanda i kaldt smør med det same du smuldrar kjeksene. Kjeks-og-smør-blandinga utgjer botnen på kaka, så når dette er blanda skal du smøra det utover så det dekker botnen.

Så: Lag krem av fløyten og sukkeret, og sett denne kaldt. Bruk handmiksar og bland kremosten og melisen saman, og sett til litt under halvparten av kremen du piska fyrst. Rør saman.

Smør denne “ostekremen” over kakebotnen, brekk 4 oreokjeks i småbitar og stikk inn i kremen. Sett i kjøleskapet i 30 minutt. Medan du ventar, kan du jo lesa litt meir på denne bloggen og leggje att ein hyggeleg kommentar eller to.

Så: Lag sjokolademoussé slik det står på pakka, brekk fire oreokjeks i småbiter og rør inn i mousséen før du fordeler mousséen over ostekremen. No er det meir venting. Putt kaka i kjøleskapet og vent i 1 time. Du rekk å gjere ganske mykje på ein time, så her får du finna på noko sjølv. Men bloggen min er vel lesnad for ganske mange timar, så du må gjerne vere her no òg. ;) (sjølvpromotering er ein Fin Ting)

No er det berre det artige att:

Ta resten av kremen og legg oppå kaka. Så kan du pynta. Eg brukar Mini-Oreos og sjokoladesaus, og det er lett å få det til å sjå ganske fint ut.

Kaka er visstnok best etter å ha vore i kjøleskapet over natta (eg har aldri prøvd å ete ho med ein gong, så eg veit eigentleg ikkje). Det er òg fullt mogleg å frysa ho, for det har eg prøvd, og ho er slett ikkje dårlegare etter nokre dagar i frysaren.

Slik ser kaka altså ut, og det er best å bruka ein kniv, for botnen kan vere litt hard. Det er ei mektig kake, men ho er sabla god og forsvinn nok ganske raskt dersom det er nokre kakemonsar i nærleiken.

Og forresten, dersom du ikkje har ei “Bake it easy”-form frå Porsgrund Porselen (det har ikkje eg), kan du ha nytte av dette tipset:

Eg brukar ikkje botnen på den runde forma, eg festar rundingen på det kakefatet eg skal bruka med 4 bitar installasjonstape (kan henda eg får teke bilete av det ein gong) slik at forma held seg stødig på fatet. Når kaka skal serverast, brukar du ein skarp kniv for å løysa ho frå forma, og voila; Oreokake, klar til servering!

Tags: ,

3 Responses to “Oreokake”

  1. Ruth Says:

    Den ser vanvittig god ut. Jeg kan rett og slet ikke bake, men det sier jo ikke at jeg ikke kan prøve! Problemet er at jeg vel også kommer til å spise den opp etterpå. Moderasjon er også noe jeg ikke er særlig flink til. ;)

    Ha en riktig fin uke.

  2. sipusa Says:

    wow:-) litt av ei kake, ser uhyrlig fristende ut, men med min utholdenhet så er det nok best å rett og slett spise kjeksen rå og få noen andre til å bake;-)

  3. Beyla Says:

    Genialt!! Denne må jeg lage til Gatelys kafeen neste lørdag! For de av oss som slanker seg er den jo direkte ufin. sitter her og knasker gullerot for å holde unna verste siklinga! ;)

    Tusen takk for at du leita – du er bra søt!! *klem* til deg!

Leave a Reply