Siste feriedag i år …

No sit eg her og kjenner på at ferien for i år definitivt er over, og det er eigentleg heilt greit. I morgon er det attende til “striskjorta og havrelefsa” att, men eg har ei herleg veke i Minneapolis å sjå attende på!

Å vere i USA var herleg! Eg hadde eigentleg aldri nokon gong tenkt på det som eit reisemål, det har alltid vore så langt unna og så dyrt, men då Tor Inge skulle dit, vart det enklare. Og det “verste” er at det kjennast ut som ein ting eg gjerne gjer fleire gongar!

Minneapolis var ein triveleg by, eg kjente meg eigentleg heime der ganske kjapt, sjølv om ting naturleg nok var annleis enn eg er van med. Eg kom jo dit på fredag i eitt-tida, og Tor Inge skulle ikkje koma til byen før laurdagen i to-tre-tida. Med andre ord hadde eg eit heilt døgn åleine. Det skremte meg litt på førehand, men då eg fyrst var der, var det heilt greit!

Eg sjekka inn på Hilton Garden Inn Minneapolis Downtown og kom til dette flotte rommet:

Her gjekk det verkeleg an å vere!

Noko av det fyrste eg gjorde, var å ta ein spasertur i “nærområdet”. Eg fann handlegata Nicollett Mall, og då var eg jo oppteken ei god stund. Noko av det fyrste eg handla, var forresten ein Acer aspire one til USD 299,-, og den måtte eg jo berre ha med meg attende til hotellet.

Å ete middag åleine offentleg er noko av det verste eg veit, men med amerikanske prisar kunne eg kosta på meg room-service, og det var herleg:

Kyllingfilét. kvitlauksbrød, salat, is-vatn og Corona! Og Criminal Minds på TV.

Eg tok tidleg kveld grunna tidsskilnaden, då klokka var 19 i Minneapolis var ho trass alt 02 her heime, så eg var temmeleg gåen etter å ha reist sidan tidleg om morgonen …

Laurdag vakna eg (stygg-)tidleg, men takka vere TV, pc og kaffitraktar på rommet, gjekk det ganske greit å få tida til å gå. Så vart det amerikansk frukost (egg i alle variantar, bacon, rista brød, donuts, frukt, juice, kaffi …) før meir byvandring på eiga hand, medan eg venta på Mannen:

I Downtown Minneapolis er det bygd “skyways” over bakkeplan slik at du kan gå varmt og tørrskodd i handle- og forretningsstrøket uavhengig av veret:

Då mannen kom, var lukka fullkomen! ;) Det var herleg å treffast att etter ei veke frå kvarandre, og det var heilt topp å ha ei veke i lag, berre vi to.

Laurdag kveld dressa vi opp oss og åt på ein fin restaurant, Ruth’s Chris Steakhouse. Der åt vi nydeleg middag, drakk utsøkt vin (2006 Francis Coppola Claret, Diamond Collection) og hadde kaffe og is/sorbet til dessert. Veldig vellukka og kjempehyggeleg! Servitørane svevde rundt oss, og nesten usynleg passa dei på at vi alltid hadde alt vi skulle ha.

Etter dette gildet, vandra vi ein tur i den varme kvelden, og ved ei vakker fontene ein flott park, fridde Tor Inge til meg. Det var faktisk heilt uventa, men veldig kjærkome. Han hadde til og med kjøpt ringen på førehand, så no er vi trulova!


Biletet over vart teke av ein tilfeldig forbipasserande, som gjerne tok bilete når han fekk høyra kvifor. :)


Resten av veka brukte vi berre på kos, vi gjorde akkurat det vi ville når vi ville, og det var ei uvant oppleving.

No er ferien over, og i morgon er det jobb att. I dag vakna eg med migrene, så det er på tide å ta kvelden, slik at eg er opplagt i morgon. Og snart er det helg att!

Tags: , , ,

5 Responses to “Siste feriedag i år …”

  1. Synnøve Says:

    Jeg er så glad for at dere fikk en så fin tur, ærlig fortjent. Og for en vakker ring du fikk av mannen! Dere fortjener hverandre, lykke til!!!

  2. Ellen Says:

    Gratulerer så mye til dere begge to!

  3. Ruth Says:

    Næmmen du da. Gratulerer!!!! Så deilig det høres ut med ferie og varme og god mat og så frieri med vakker ring på toppen! Så hyggelig å lese.

    Jeg har nettopp kommet hjem og prøver å få med meg hva som har skjedd med mine Blogglandia-venner mens jeg har vært borte. Det kommer nok til å ta noen dager det. Ha en super uke.

  4. ~SerendipityCat~ Says:

    Oisann!!! Gratulerer så mye med forlovelsen, det var jo virkelig morsomt å høre!! :-D Da blir vi sikkert gifte damer begge to i løpet av ikke så altfor lang tid! :-D

  5. Marianne Says:

    Gratulerer med forlovede!
    Skal snart til Minneapolis sjølv, hadde vore kjempe fint om du kunne fortalt litt meir om korleis alt var der?
    Er sjølv litt små-skeptisk, kunne tenkt meg å reise til Las Vegas, L.A eller New York istaden skjønnar du, så eg kunnetrengt nokre oppmuntrande ord ! :)

Leave a Reply