Adventstid
Endeleg er det advent! I går koste vi oss alle i lag med Jul i Svingen på TV, pepparkaker, “kvitkjeks”, karamellar og julebrus.
Og mor sjølv fann noko å kosa seg med; eit flott mønster på pulsvanter på Ravelry då eg prøvde å finna ut kva eg skulle laga av det herlege garnet eg kjøpte på Crafty Planet i Minneapolis! Pulsvantene var veldig lettstrikka, dei vart faktisk ferdige på ein kveld:
Dei har ein herleg passform og er mjuke og varme. Og dei har allereie vore med meg ut i dag!
Ha ei herleg adventstid alle saman!
- Postar som kanskje liknar:
- Sundag
- Kokosmakronar
- Even sin lykkedag
- Travel helg
- Båtlivet byrjar!



Koselig ser det ut til å være hjemme hos dere og den kalenderen ser mer enn spennende ut. Jg skal inn å titte på mønsteret. Pulsvarmere blir det strikket mange av her – i disse førjulstider.
Ha en riktig flott dag.
Er det de pulsvarmerne jeg fikk, eller ligner de bare? Forresten, så var de veldig gode. Har brukt dem både på skolen og om natta.
Det er nok desse, ja, Ingrid!
Dei heiter “Alice Cullen fingerless mittens” og originalen kan du sjå her: http://twilightsaga.wikia.com/wiki/File:AliceNM.jpg
Jeg er ikke særlig god på strikkepinnene, men jeg våger meg frampå for å spørre hvordan du har snekra sammen den adventskalendern? Den var utrolig dekorativ!! Kanskje kan jeg klare å lage noe lignende til jula igjen?
Ah, denne er såre enkel, Solveig! Det er ei kjøkkenstang frå Ikea, omlag som denne: http://www.ikea.com/no/no/catalog/products/20115745
Pakkane er pakka inn med lange band og dato, og knyta fast på stanga. Eit lite tips er at det er lettast (for ungane) om du startar med å henge opp pakkane “motsett” veg, frå 24 og nedover, i og med at dei blir hangande bakerst/nedst.