Archive for January, 2010
Tre år
Tuesday, January 5th, 2010Det er faktisk tre år sidan mamma døydde. Eg skjønar det eigentleg ikkje, for det kjennast då ikkje så lenge ut?
Eg bytta nyleg mobiltelefon, den gamle hadde eg hatt i fleire år, og av ulike grunnar måtte eg legge inn nummera frå den gamle telefonen manuelt. Då gjekk det opp for meg at eg framleis hadde mobilnummeret til mamma lagra. Og det gjorde vondt å avgjera at eg ikkje skulle ha det med over til den nye telefonen, at eg faktisk ikkje hadde bruk for det nummeret meir …
Eg saknar deg, mamma. Tre år er kort tid og alt for lenge på ein gong.

