Archive for April, 2010

Vårleg blogg!

Friday, April 30th, 2010

Ute regner det konstant for tida, men på bloggen er det vår! Eg har endra litt, og takka vere WordPress sine geniale løysingar, er det veldig enkelt å skifta design innimellom.

Vart det ikkje vårleg og flott no, kanskje? Så gløymer vi regnet ei stund. Det er iallfall fint ver ute å vere inne i!

Matpakkespisevise

Friday, April 30th, 2010

Even var litt uheldig på turdagen denne veka. Han hadde med seg ein youghurt og eit eple til mat, og hadde visst gleda seg på det. Men kva hender? Youghurtboksen hadde gått i stykker (nede i sekken, så klart!), og epla han då fann ut at han skulle trøysta seg med, var gamal med brune flekkar … Det einaste positive då, var at han heldigvis hadde med seg kakao! ;)

Desse triste hendingane fekk meg (i desse Knutsen&Ludvigsen-tider) naturleg nok til å tenkje på ein av mine favorittmelodiar frå barndomen:

Lang tid utan livsteikn

Tuesday, April 27th, 2010

Søtaste Anne Berit kommenterte då vi var på kurs i lag at ho syntest eg var på tur veldig lenge. Og det har ho jo heilt rett i.

Det er eigentleg ikkje slik at det ikkje hender noko. Snarare tvert om! I tillegg til den vanlege kvardagen, har Tor Inge vore mykje borte på reisejobb på Stord (12 dagar borte, 9 dagar heime. Verdas verste turnus, både for den som er borte og oss som er heime). I tillegg har eg tusla rundt i sjukemelding for skuldra i Dagar og År, og det er iallfall ikkje noko å skriva om! Men eg blir betre om senn, og no er eg “berre” 30% sjukemeldt, så det går seg vel til.

Dei to siste dagane har eg vore på kurs i regi av Norsk Palliativ Forening, og det har vore flotte dagar over alvorlege tema. Godt med fagleg påfyll i ein travel kvardag!

Dersom eg får det til, kan eg dela ein nydeleg sang med dykk. Denne vart nytta som kulturelt innslag under åpninga av kurset i dag, og ligg her spesielt for Anne Berit si skuld, men er verdt å høyra på for alle andre òg.  ;)