Kom arbeidslyst og treng deg på …

Eg trur eg har brukt opp arbeidslysta i denne omgang, i alle fall. Eg tok litt av, for å seie det slik.

Det heile starta med denne:

Ein vanleg, kjedeleg spisestuestol. Som eg var lei av. Og så, på ein kjedeleg søndag, finn eg ut at eg må “gjere noko” med stolen. Og eg hadde jo litt malingsrestar etter at eg mala amerikakofferten min. For godt over eit år sidan. (Visste du forresten at maling har “best før”-merking? Ikkje eg heller. Men eg har funne ut at ein glatt kan bruka malinga minst eit halvt år etter denne datoen) Og nokre penslar var det òg å oppdriva. Samt litt stoff. Og masse arbeidslyst.

Her er resultatet:

x 4, faktisk (med amerikakofferten på same bilete):

Eg synast sjølv det vart fint. Men så fell augo på denne seksjonen, som vart veldig mørk og traurig då stolane vart så fine:

Og då måtte det handlast inn meir maling, for dette kunne eg jo ikkje gå rundt og irritera meg over. Og slik vart resultatet:

Bokhylla i samme serie som seksjonen måtte òg til pers, så klart:

Men no er eg ferdig for ei stund. Trur eg.

Tags: ,

3 Responses to “Kom arbeidslyst og treng deg på …”

  1. Aileen Says:

    Oi!det blei kjempefint:)

  2. Lasse G. Dahl Says:

    Det der bordet i forgrunnen på det nederste bildet – det så da veldig mørkt ut mot den lyse bokhylla?

  3. Tilflukt Says:

    Det er farleg å byrja for då kan det raskt veksa på seg. Veldig godt jobba. Fin gråfarge på hyllene. Må bordet verta grått også?

Leave a Reply