Archive for March, 2011

Fredagskosemat

Sunday, March 20th, 2011

Som dei fleste andre eg pratar med, likar vi òg her i huset å “feire” at helga tek til med å kose oss med god mat. Veldig ofte tyder “god mat” taco eller pizza, men denne fredagen fann vi på noko anna. Det var berre tre av oss heime (Hulda, Tor Inge og eg), og då vart det spaghetti carbonara. Og det er så godt at eg nesten må passa på å ikkje sikle på tastaturet berre eg tenkjer på maten.

Det finnast mange ulike oppskrifter på spaghetti carbonara, men dette er min favoritt (til tre personar med god matlyst):

400-500 g spaghetti kokast etter tilrådinga på pakka (men skal vere al dente, så bruk den kortaste koketida! Og hugs salt og olje i vatnet.)

Brun 200g bacon i steikepanna, set til 1 hakka lauk når baconet er nesten ferdigbruna.

Bland saman 2-3 eggeplommar, 2 dl fløyte og 100-200g riven parmesan.

Når spaghettien er kokt ferdig, lar du den ligga i eit dørslag og renne av seg. I mellomtida har du egg- og fløyteblandinga i kasserollen og lar det bli varmt (slik at det koker bittelitt). Tøm spaghettien i kasserollen att, og rør godt saman så det blander seg. Ha i bacon og lauk (rør litt til), ha det over i eit litt finare serveringsfat eller direkte på tallerken og strø litt ekstra parmesan samt godt med peppar over.

Kjempegod “hurtigmat” utan hurtigmatpreg. :)

Treng vi 8. mars?

Tuesday, March 8th, 2011

Eg er ikkje i tvil; det er klart vi treng 8. mars. Stor takk til Anne-Kari Bratten i Spekter som ga meg ei kraftig påminning om dette i “Her og nå” på radioen i går.

Bratten meiner at det er på tide at arbeidstakarorganisasjonane slipp opp sitt “klamme grep” om medlemmane slik at medlemmane får større fridom til å velje sjølv. Og det ho vil vi skal velje, er mellom anna så forlokkande som å arbeide fleire helger i året og/eller å arbeide 12-timars arbeidsdagar. I følge Bratten er fagforeiningane vanskelege som ynskjer å halda seg innanfor arbeidsmiljølova.

Eg vil berre nemne det; dei fleste i pleie og omsorg arbeider allereie på unnataks-bestemmingane i arbeidsmiljølova (AML), mellom anna ved at vi ikkje har 11 timar kviletid mellom vaktene. Eg kan arbeida til 22:30 og starta att klokka 07. Då har eg 8,5 timar kviletid, det er 2,5 timar mindre enn lova krev. I tillegg seier AML at alminneleg arbeidstid “må ikke overstige ni timer i løpet av 24 timer og 40 timer i løpet av sju dager”. Men dette gjeld ikkje for turnusarbeidarane i pleie- og omsorgssektoren. Når eg går på jobb fredag kveld klokka 15 og til laurdag klokka 15 har eg arbeidd 15,5 timar i laupet av det døgnet. Og då eg gjekk 100% stilling i to-delt turnus, hadde eg iallfall ei veke av seks på turnusen min der eg arbeidde 42 timar. Dette er lov, i følge AML og fagforeiningane. Det tyder ikkje det same som at det er bra for arbeidstakarane!

Bratten ga eit intervju til Dagens Næringsliv på laurdag der ho med god gamal hersketeknikk prøver å sparke føtene unna fagforeinigane og oss som arbeidarar med å mellom anna fortelja oss at “mange alenemødre ønsker å jobbe lange vakter når de har barnefri, slik at de kan jobbe lite når de har barna”. Nokon ynskjer kanskje dette. Og dei som ikkje ynskjer det, tør ikkje seie noko om det, dersom dei då veit at dei får mindre arbeid. For kven er vel meir redd for å miste inntekt enn einslege forsørgarar?

I tillegg kan Bratten fortelja at “det er mange sykepleiere som ønsker å jobbe 12-timersvakter når de først må jobbe i helgen.” Det kan vel skuldast at ein kjenner at ein har valet mellom pest og kolera? Å arbeide helg er belastande for einskildmennesket, det er ei sosial belastning, og vi som gjer dette kan finne på å gripa kvart eit halmstrå som gjev moglegheit for litt meir fri når andre har fri, litt meir normal arbeidsdag slik at vi òg kan ha eit familieliv og eit sosialt liv. For det er ikkje så mange andre som har fri ein tysdag eller ein torsdag, sjølv ikkje skuleborna.

Det er fullt mogleg, Bratten, at du “veit om” og “kjenner til” både “fleire” og “mange” som ynskjer dei endringane du skildrar, men til sjuande og sist er det vi ynskjer oss, eit arbeidsliv som gjer det mogleg å ha ei normal fritid og ei løn til å leve av. Årsaka til at mange av oss arbeider “frivillig” deltid er nettopp at vi prøver å få til dette på eiga hand, avdi vi ikkje finn andre moglegheiter for det. Vi arbeider knallhardt, både fysisk og psykisk, og mange av oss tek feilaktig ansvar for eiget liv og helse ved å arbeide redusert stilling (i staden for å kjempa for meir levelege arbeidsvilkår) på grunn av at det er for belastande å arbeide 100% i turnus. Dette er sanninga for meg og “mange” andre.

Eg trur ikkje Anne-Kari Bratten i Spekter er spesielt interessert i korleis eg skal ha eit best mogleg liv. Eg vil tru at ho som representant for arbeidsgjevarane er langt meir interessert i å få meg og mine medsøstre til å vere fleksible og rimelegast mogleg arbeidskraft, og dersom vi svelger åtet, er vi på god veg dit dei vil ha oss.

Mi kampsak på åttande mars må vere at turnusarbeidarar si arbeidstid ikkje blir redusert til eit punkt langt nede i unnataka i arbeidsmiljølova, eller i eit eiget skriv i tariffavtaler eller private, individuelle avtaler, men at vi har tanke for det kollektive og korleis vi alle skal få eit best mogleg arbeidsliv med løn til å leva av og fritid til å kvile og nyta livet i lag med dei vi er glade i.

(Intervjuet i DN finn du i ei pdf-fil på Spekter si side om den same saka)