Archive for April, 2012

Ringo er heime!

Sunday, April 22nd, 2012

I går snakka eg og Tor Inge om at no hadde det gått så lang tid utan spor og utan noko teikn til Ringo, at det nok eigentleg var på tide å trappe ned leitinga. Vi vart meir og meir sikre på at han hadde gått seg ned i ei elv og forsvunne under isen, eller at han hadde vorte skadd eller noko anna … Iallfall tvilte vi veldig på at han kom att meir.

Det har vorte leita etter han kvar dag i veka som gjekk, etter at han kom bort førre søndag, men det har ikkje vorte funne eit einaste spor. Vi var òg i kontakt med synske personar utan hell, og det meste såg mørkt ut. Kvar gong telefonen ringte, hoppa vi og håpa på det beste, men det var ikkje noko nytt. Før i dag:

Tor Inge vart oppringt av Jon Bengtsson og vi fekk høyre at Ringo var observert i Malsådalen av Astrid Borgen. Ein av våre “gode hjelparar”, Melvin Nessemo, heiv seg rundt og drog ut og fekk fanga inn hunden. Ringo var ganske “bortreist” og forvirra etter ei veke på tur, og slappa ikkje av før Tor Inge fekk han inn i bilen og han fekk ligge i bilsetet på jaktlua hans.

Gleda var stor i huset då dei kom heim! Ringo er ganske så tynn og slapp etter denne veka, samt at han har vondt i ein fot, og det vil nok gå ei stund før han er den “gode gamle” att. Han får kokt sei og ris i små porsjonar for å venne magen på mat att, og elles får han masse kos og klapp og kvile.

Utan alle som har engasjert seg i at Ringo har vore borte, og som har vore med og leita og halde utkikk, hadde han truleg ikkje kome til rette att, så tusen takk til alle som har brydd seg om både oss og hunden denne veka, og spesielt ein stor takk til Gjermund Leirset, som har vore i fjellet og leita kvar einaste dag. No skal vi slappe av og kose oss med hunden vår.

Hunden Ringo er sakna!

Monday, April 16th, 2012

Ringo, ein 2 år gammal beagle, kom bort på tur frå Nordkleiva i Verdal søndag 15/4-12. Siste spor etter han er sett på Hellhaugen nord for Høysjøen med retning mot Bynavola, i dette området (kartet er klikkbart):

Det er mykje rein og vilt i området, og mange “interessante lukter” for ein unghund, så han kan i utgangspunktet ha gått veldig langt!

Vi fekk takka vere etterlysning på Facebook og hos Politiet fleire tips om at det var ein hund i los i området Leirådal-Vuku. Dette tipset har vi sjekka ut, og fann ut at det må ha vore ein større hund (potespora var for store til å vere beagle).

Vi har òg vore i Henning, Ogndal og inn til Mokk gård utan at vi fann spor eller høyrde noko.

Ringo har eit brunt halsband i lær med ein medaljong der det står at han er mikrochippa. Dersom du finn han, trur du ser han, eller høyrer noko som kan vere ein beagle i los i det aktuelle området vil vi gjerne høyre fra deg på tlf 9944 3999 (Monica Gausen) eller 4650 1435 (Tor Inge Leirset), eller ta kontakt med politiet på 02800. På førehand takk! Vi vil gjerne ha heim hunden vår så snart som mogleg!

Fra Desktop
Fra juni2011