Tidi gjeng like fort, um det er aldri så lite gjort.

Om meg …

Sjukepleiar på 31 år. Sambuar, mamma til to, har tre “bonusborn” og ein hund. Er innimellom råka av kraftig skrivekløe, og andre gongar noko som liknar skriveaversjon.

Eg har hatt eigne nettsider i mange år, og byrja tidleg å blogga. Etter ei stund med eit bloggescript Lasse hadde laga, gjekk eg over til blogspot. Blogspot var greit nok, men så fann eg WP, og no trur eg faktisk eg er nøgd … Eg har eigentleg blogga så lenge at eg ikkje har eit spesielt tema for bloggen. For meg er dette ein stad der eg deler det som fell meg inn. Av og til deler eg kanhenda litt for mykje, men eg prøver å passa på slik at det i så fall berre gjeld det som går ut over meg, og ikkje andre.

Viss du vil lese innlegg om eit bestemt emne, kan du prøve å klikke på ein av merkelappane til høgre, til dømes på “dikt” eller “strikking” og sjå kva du finn.

Og viss du legg att ein kommentar når du er innom, synast eg det er kjempetriveleg! Velkommen attende!

  • mimouna: Åh så godt at det fikk en lykkelig utgang. Vondt n...
  • Ruth: Du, nå ble jeg glad. Jeg fikk så vondt av deg da...
  • AB: Jeiii, fantastisk!...
  • Lasse G. Dahl: Gratulerer! Godt at det gikk bra til sist....
  • eli: Det var kjekt, Monica! Har tenkt på dykk....

Powered by WordPress

Blossom Theme by RoseCityGardens.com