Archive for the ‘Tankar’ Category

Monica gjer som andre seier …

Tuesday, February 16th, 2010

… iallfall når det passar ho …

“Gå tur” sa fysioterapeuten, og i dag gjorde eg nettopp det. Veret var strålande, så det var heilt flott å gå i skogen.

Det var køyrd med traktor langt innover i skogen, så det var fint å gå. Og sanneleg såg eg nokre kunstverk i laupet av turen òg, berre sjå:
Eg er så glad i mønstra istappane lagar!


Hit gjekk vi, eg og hunden. “Gressetkrysset” står det på skiltet. Det er ein del av Gamle kongeveg som er merka på denne måten:

Eigentleg hadde eg lyst til å gå lenger enn det eg gjorde, men det er noko med at det er like langt den andre vegen òg, så det var eigentleg greit å snu her oppdaga eg på turen heim att.

Morsdag!

Sunday, February 14th, 2010

I dag har vi feira morsdag, valentinsdag og fastelaven her i huset.

Tor Inge er på reisejobb, men ungane sørga for at det vart dekt flott frukostbord og at mor fekk gåver slik seg hør og bør på ein slik dag. Eg fekk sjokolade, karamellar, flax-lodd og kulelys, teikning, maleri og kort frå englane mine. Betre kan det vel ikkje bli? Når dei i tillegg dekte på og rydda av bordet, vart det perfekt.

Utpå dagen kom ein ny overrasking, denne levert på døra:

Om kjærasten var langt borte, greide han sanneleg å overraska meg likevel. Det var koseleg, det!

Elles har vi gått tur, bakt bollar og kanelsnurrar, ete kalkunfilét til middag og hatt besøk av besten. Ein herleg søndag, med andre ord, og mor er godt opplada for ei ny veke. Gratulerer med dagen til alle andre mødre òg! :)

Tae Kwon Do

Wednesday, January 20th, 2010

Hulda og Even går på Tae Kwon Do, og dei stortrivast med sporten.

Slik såg dei ut då dei graderte seg til gult belte i haust:

No trener dei hardt før neste gradering!

Tre år

Tuesday, January 5th, 2010

Det er faktisk tre år sidan mamma døydde. Eg skjønar det eigentleg ikkje, for det kjennast då ikkje så lenge ut?

Eg bytta nyleg mobiltelefon, den gamle hadde eg hatt i fleire år, og av ulike grunnar måtte eg legge inn nummera frå den gamle telefonen manuelt. Då gjekk det opp for meg at eg framleis hadde mobilnummeret til mamma lagra. Og det gjorde vondt å avgjera at eg ikkje skulle ha det med over til den nye telefonen, at eg faktisk ikkje hadde bruk for det nummeret meir …

Eg saknar deg, mamma. Tre år er kort tid og alt for lenge på ein gong.

Adventstid

Wednesday, December 2nd, 2009


Endeleg er det advent! I går koste vi oss alle i lag med Jul i Svingen på TV, pepparkaker, “kvitkjeks”, karamellar og julebrus.

Og mor sjølv fann noko å kosa seg med; eit flott mønster på pulsvanter på Ravelry då eg prøvde å finna ut kva eg skulle laga av det herlege garnet eg kjøpte på Crafty Planet i Minneapolis! Pulsvantene var veldig lettstrikka, dei vart faktisk ferdige på ein kveld:

Dei har ein herleg passform og er mjuke og varme. Og dei har allereie vore med meg ut i dag! :)

Ha ei herleg adventstid alle saman!

Siste feriedag i år …

Thursday, October 8th, 2009

No sit eg her og kjenner på at ferien for i år definitivt er over, og det er eigentleg heilt greit. I morgon er det attende til “striskjorta og havrelefsa” att, men eg har ei herleg veke i Minneapolis å sjå attende på!

Å vere i USA var herleg! Eg hadde eigentleg aldri nokon gong tenkt på det som eit reisemål, det har alltid vore så langt unna og så dyrt, men då Tor Inge skulle dit, vart det enklare. Og det “verste” er at det kjennast ut som ein ting eg gjerne gjer fleire gongar!

Minneapolis var ein triveleg by, eg kjente meg eigentleg heime der ganske kjapt, sjølv om ting naturleg nok var annleis enn eg er van med. Eg kom jo dit på fredag i eitt-tida, og Tor Inge skulle ikkje koma til byen før laurdagen i to-tre-tida. Med andre ord hadde eg eit heilt døgn åleine. Det skremte meg litt på førehand, men då eg fyrst var der, var det heilt greit!

Eg sjekka inn på Hilton Garden Inn Minneapolis Downtown og kom til dette flotte rommet:

Her gjekk det verkeleg an å vere!

Noko av det fyrste eg gjorde, var å ta ein spasertur i “nærområdet”. Eg fann handlegata Nicollett Mall, og då var eg jo oppteken ei god stund. Noko av det fyrste eg handla, var forresten ein Acer aspire one til USD 299,-, og den måtte eg jo berre ha med meg attende til hotellet.

Å ete middag åleine offentleg er noko av det verste eg veit, men med amerikanske prisar kunne eg kosta på meg room-service, og det var herleg:

Kyllingfilét. kvitlauksbrød, salat, is-vatn og Corona! Og Criminal Minds på TV.

Eg tok tidleg kveld grunna tidsskilnaden, då klokka var 19 i Minneapolis var ho trass alt 02 her heime, så eg var temmeleg gåen etter å ha reist sidan tidleg om morgonen …

Laurdag vakna eg (stygg-)tidleg, men takka vere TV, pc og kaffitraktar på rommet, gjekk det ganske greit å få tida til å gå. Så vart det amerikansk frukost (egg i alle variantar, bacon, rista brød, donuts, frukt, juice, kaffi …) før meir byvandring på eiga hand, medan eg venta på Mannen:

I Downtown Minneapolis er det bygd “skyways” over bakkeplan slik at du kan gå varmt og tørrskodd i handle- og forretningsstrøket uavhengig av veret:

Då mannen kom, var lukka fullkomen! ;) Det var herleg å treffast att etter ei veke frå kvarandre, og det var heilt topp å ha ei veke i lag, berre vi to.

Laurdag kveld dressa vi opp oss og åt på ein fin restaurant, Ruth’s Chris Steakhouse. Der åt vi nydeleg middag, drakk utsøkt vin (2006 Francis Coppola Claret, Diamond Collection) og hadde kaffe og is/sorbet til dessert. Veldig vellukka og kjempehyggeleg! Servitørane svevde rundt oss, og nesten usynleg passa dei på at vi alltid hadde alt vi skulle ha.

Etter dette gildet, vandra vi ein tur i den varme kvelden, og ved ei vakker fontene ein flott park, fridde Tor Inge til meg. Det var faktisk heilt uventa, men veldig kjærkome. Han hadde til og med kjøpt ringen på førehand, så no er vi trulova!


Biletet over vart teke av ein tilfeldig forbipasserande, som gjerne tok bilete når han fekk høyra kvifor. :)


Resten av veka brukte vi berre på kos, vi gjorde akkurat det vi ville når vi ville, og det var ei uvant oppleving.

No er ferien over, og i morgon er det jobb att. I dag vakna eg med migrene, så det er på tide å ta kvelden, slik at eg er opplagt i morgon. Og snart er det helg att!

17. mai 2009

Sunday, May 17th, 2009

Så er denne 17. mai så godt som over. Dagen har vore flott, frå start til slutt, med barnetog på Verdalsøra, is på skulen og lite folketog mellom Leklemsåsen og Soltun før middag der (nydelege kjøttkaker!). Det einaste vi sakna var dei “obligatoriske” leikane på Soltun, men ein kan vel ikkje få alt alltid?

Etter at vi hadde vore på Soltun, drog vi heim for kaffe og kake, og etter middagskvil for oss vaksne, måtte vi sanneleg varma opp grillmaten frå i går og eta enno litt meir. ;)

Hulda har sett is-spiserekord med 10(!) is, ein for kvart år ho er.

Håpar alle andre har hatt ei like flott feiring av nasjonaldagen som det vi har hatt!

Her er glimt frå dagen:

Snart skal mor sjølv sjå Back på tv, og i morgon er det ein ny arbeidsdag. Håpar eg rekk å hiva med på ABC i ord og bilete før det vert for seint. Skal berre spekulera ut ein fin K fyrst.

ABC i ord og bilete -I

Friday, May 1st, 2009

Når ABC-dag og fyrste mai var samanfallande, var dagens bokstav grei!

I for Internasjonalen:

Opp, alle jordens bundne trelle!

Opp, I som sulten knuget har.

Nu drønner det av rettens velde:

Til siste kamp der gjøres klar.

Alt det gamle vi med jorden jevner,

Opp, slaver, nu til frihet frem!

Vi intet var, men alt nu evner

Til rydning for vårt samfunns hjem.

Så samles vi på valen,

Seiren vet vi at vi får.

Og Internasjonalen

Skal få sin folkevår!


Arbeider, bonde, våre hære

De største er som stevner frem.

Vårt arvelodd skal jorden være,

Vi sammen bygge vil vårt hjem.

Som av rovdyr er vårt blod blitt suget,

Men endelig slår vi dem ned.

Og mørket, som så tungt oss knuget,

Gir plass for solens lys og fred.

Så samles vi på valen,

Seiren vet vi at vi får.

Og Internasjonalen

Skal få sin folkevår!

Hulda og Even var rimeleg stolte då dei var med på å bera fram fanen til “Verkstedklubben Aker” i fyrste mai-toget på Verdal i dag. Og mammaen var òg rimeleg stolt, skal eg seie. ;)

Fleire ord og bilete på I finnast her!

Sommardag!

Thursday, April 30th, 2009

Sanneleg har vi hatt sommartemperaturar i dag, trass i at det enno berre er april!

Vi har vore på Inderøya og lagt ut båten til Oddvar. I fjor gjorde vi det den 20. april, då var det på langt nær så herleg ver. I dag var det faktisk shorts-ver for dei tøffaste av oss (ikkje meg, nei). Diverre låg kameraet att heime …

Etter at båten var trygt fortøyd, gjekk turen attende til Oddvar for årets fyrste grilling. Herleg! Og klokka 19:30 var det framleis 17 grader i skuggen. Betre vert det ikkje så tidleg på året. No er det berre å håpa på like herleg ver når vi skal gå i tog i morgon.

Ha ei fin helg! :)

ABC i ord og bilete -E

Thursday, April 9th, 2009

Min E står for min herlege son Even:

31. desember 2002 kom han til verda, tre dagar på “overtid”. 3160 gram og 48 cm var den lille mannen då han fann det for godt å koma ut av magen.

Påska 2004:

Hausten 2005:

Våren 2006. Vi var i konfirmasjon, og Even fann den einaste søledammen som var i nærleiken:

1. mai 2007 som plakatbærar:

Og så, hausten 2008 var småbarnstida over. Even har sin fyrste skuledag:

Mammaen fekk seg ei herleg lita mimrestund med å sjå igjennom alle bileta av det kjæraste eg har på E.

Fleire ord og bilete på E finn du i Petunia sin blogg!