I dag har vi feira morsdag, valentinsdag og fastelaven her i huset. Tor Inge er på reisejobb, men ungane sørga for at det vart dekt flott frukostbord og at mor fekk gåver slik seg hør og bør på ein slik dag. Eg fekk sjokolade, karamellar, flax-lodd og kulelys, teikning, maleri og kort frå englane mine. [...]
Hulda og Even går på Tae Kwon Do, og dei stortrivast med sporten. Slik såg dei ut då dei graderte seg til gult belte i haust: No trener dei hardt før neste gradering!
Det er faktisk tre år sidan mamma døydde. Eg skjønar det eigentleg ikkje, for det kjennast då ikkje så lenge ut? Eg bytta nyleg mobiltelefon, den gamle hadde eg hatt i fleire år, og av ulike grunnar måtte eg legge inn nummera frå den gamle telefonen manuelt. Då gjekk det opp for meg at eg [...]
Endeleg er det advent! I går koste vi oss alle i lag med Jul i Svingen på TV, pepparkaker, “kvitkjeks”, karamellar og julebrus. Og mor sjølv fann noko å kosa seg med; eit flott mønster på pulsvanter på Ravelry då eg prøvde å finna ut kva eg skulle laga av det herlege garnet eg kjøpte [...]
No sit eg her og kjenner på at ferien for i år definitivt er over, og det er eigentleg heilt greit. I morgon er det attende til “striskjorta og havrelefsa” att, men eg har ei herleg veke i Minneapolis å sjå attende på! Å vere i USA var herleg! Eg hadde eigentleg aldri nokon gong [...]
Så er denne 17. mai så godt som over. Dagen har vore flott, frå start til slutt, med barnetog på Verdalsøra, is på skulen og lite folketog mellom Leklemsåsen og Soltun før middag der (nydelege kjøttkaker!). Det einaste vi sakna var dei “obligatoriske” leikane på Soltun, men ein kan vel ikkje få alt alltid? Etter [...]
Når ABC-dag og fyrste mai var samanfallande, var dagens bokstav grei! I for Internasjonalen: Opp, alle jordens bundne trelle! Opp, I som sulten knuget har. Nu drønner det av rettens velde: Til siste kamp der gjøres klar. Alt det gamle vi med jorden jevner, Opp, slaver, nu til frihet frem! Vi intet var, men alt [...]
Sanneleg har vi hatt sommartemperaturar i dag, trass i at det enno berre er april! Vi har vore på Inderøya og lagt ut båten til Oddvar. I fjor gjorde vi det den 20. april, då var det på langt nær så herleg ver. I dag var det faktisk shorts-ver for dei tøffaste av oss (ikkje [...]
Min E står for min herlege son Even: 31. desember 2002 kom han til verda, tre dagar på “overtid”. 3160 gram og 48 cm var den lille mannen då han fann det for godt å koma ut av magen. Påska 2004: Hausten 2005: Våren 2006. Vi var i konfirmasjon, og Even fann den einaste søledammen [...]
Det merkelegaste er slett ikkje at eg ropar ned frå loftet og spør hunden kva han held på med. Det merkelegaste er at eg faktisk står og ventar på at han skal svara meg.