Archive for the ‘Nettrelatert’ Category

Nordic feet #1

Sunday, October 11th, 2009

Merete har drege i gang ein ny runde med “Nordiske føter“, og eg vil vere med!

Temaet i dag er haust, og det var jo lett, med ein haug med haustlauv ute på gardsplassen. Eg hadde eigentleg ein plan om å ha på meg fjellsko og gå ut og ta fleire “blinkskot” av lauv og føter, men vart litt meir i tvil då naboen kom heim. Greit nok, han veit vel eigentleg at leigebuarane hans ikkje er heilt som alle andre, men å springa rundt i fjellsko med speilreflekskamera og berre ta bilete nedover, trur eg kunne fått sjølv han til å undra meir enn godt er. Difor vart det berre ein snartur i støvlane til stor-guten (som er mange nummer for store), men her er det iallfall haust:


Lauvet har ungane raka i dag for å kunne hoppa i det etterpå.


Graset burde vel eigentleg ha vore klipt ein gong til før snøen kjem ..?


Det er ikkje til å kome unna, vi må nok ta ein ryddedag ute snart!

Kvar er dine føter når det er haust?

Ein blome til Ruth!

Wednesday, September 23rd, 2009

Denne er til deg, Ruth (http://ullhedina.blogspot.com/), avdi statistikken min seier at det er sida di som genererer mest trafikk til sida mi. Takk skal du ha, og takk til alle besøkande!

Legg gjerne att ein kommentar, det er så hyggeleg!

ABC i ord og bilete -I

Friday, May 1st, 2009

Når ABC-dag og fyrste mai var samanfallande, var dagens bokstav grei!

I for Internasjonalen:

Opp, alle jordens bundne trelle!

Opp, I som sulten knuget har.

Nu drønner det av rettens velde:

Til siste kamp der gjøres klar.

Alt det gamle vi med jorden jevner,

Opp, slaver, nu til frihet frem!

Vi intet var, men alt nu evner

Til rydning for vårt samfunns hjem.

Så samles vi på valen,

Seiren vet vi at vi får.

Og Internasjonalen

Skal få sin folkevår!


Arbeider, bonde, våre hære

De største er som stevner frem.

Vårt arvelodd skal jorden være,

Vi sammen bygge vil vårt hjem.

Som av rovdyr er vårt blod blitt suget,

Men endelig slår vi dem ned.

Og mørket, som så tungt oss knuget,

Gir plass for solens lys og fred.

Så samles vi på valen,

Seiren vet vi at vi får.

Og Internasjonalen

Skal få sin folkevår!

Hulda og Even var rimeleg stolte då dei var med på å bera fram fanen til “Verkstedklubben Aker” i fyrste mai-toget på Verdal i dag. Og mammaen var òg rimeleg stolt, skal eg seie. ;)

Fleire ord og bilete på I finnast her!

ABC i ord og bilete -G

Wednesday, April 22nd, 2009

G for Gamal

Eg fann ein skatt på Bruktbo på Levanger; ein gamal amerikakoffert:

Stria på lokket var øydelagt fleire stader, så den har eg byrja fjerna på dette biletet.

Her er all stria borte og pussinga har starta:

Maling pågår:

Det siste som skal gjerast, er at eg skal pussa og mala innsida òg. Eg lover å syna bilete når skattekista er ferdigstilt. Kva ho skal innehalda sa du? Garn, så klart!

ABC i ord og bilete -E

Thursday, April 9th, 2009

Min E står for min herlege son Even:

31. desember 2002 kom han til verda, tre dagar på “overtid”. 3160 gram og 48 cm var den lille mannen då han fann det for godt å koma ut av magen.

Påska 2004:

Hausten 2005:

Våren 2006. Vi var i konfirmasjon, og Even fann den einaste søledammen som var i nærleiken:

1. mai 2007 som plakatbærar:

Og så, hausten 2008 var småbarnstida over. Even har sin fyrste skuledag:

Mammaen fekk seg ei herleg lita mimrestund med å sjå igjennom alle bileta av det kjæraste eg har på E.

Fleire ord og bilete på E finn du i Petunia sin blogg!

ABC i ord og bilete – C

Friday, March 20th, 2009

Bokstaven C var ikkje så lett. Eg var innom ein del løysingar, mellom anna cd, cohen, chumbawamba og charm … Men eg endte opp her:

Camping

Då eg var lita, var det camping som var ferie. Pappa pakka Mazdaen full med hustelt, campingbord- og stolar, kjølebag, mat, kle og alt anna ein kunne finne på å trenge på ein campingtur.

Dette biletet er frå fyrste halvdel av 80-talet ein gong og illustrerer eigentleg godt campingferie slik eg hugsar det:
Eg hugsar kor godt maten smakte på campingtur, og kor herleg det var å vere i lag.For meg er dette gyldne ferieminne. Takk pappa, for turane du tok oss med på og dei flotte minnene det skapte!

Fleire ord og bilete til C finn du her!

(Forresten; dersom kommentaren din ikkje synast med ein gong er det pga kommentarmoderasjon. Når du har fått godkjent ein kommentar, er du automatisk godkjent med same namn og e-post seinare)

ABC i ord og bilete -B-

Friday, March 13th, 2009

B for Besten!

Min stefar og ungane sin Besten.

Besten stiller alltid opp, anten det er som barnevakt eller som kokk på julaften.

Då Hulda var lita og eg var åleine med ho, bar han ho milevis då ho gret på grunn av kolikk.

Då mamma vart sjuk, tok han seg av ho heile tida. Låg ho på sjukehuset, budde han nesten der. Var ho heime, var han heimesjukepleiar, heimehjelp og støttekontakt på ein gong. Eg vågar ikkje tenkje på korleis mamma si siste tid hadde vore utan Besten.

Besten bakar brød, surfar på nettet, pratar med ungane via MSN, vaskar hus, luker ugras, inviterer på middag, ringer og høyrer at vi har det bra, passar på oss og stiller opp når det trengst.

Eg unner alle ein Besten. Men ikkje ta min, for han vil vi ha sjølv!

Fleire ting på B finn du her!

25 random things about me

Sunday, February 1st, 2009

Eg vart tagga av Ellen til å fortella 25 ting om meg sjølv. Her er Unytting Viten om Monica:

  1. Eg er 31 år
  2. Eg vart fødd på ein torsdag
  3. I følge Ketilbror var det eit program om eit menneskets liv, frå fødsel til død, på barne TV den dagen eg vart fødd
  4. Mamma ville eg skulle heite Hildegunn
  5. … men resten av familien nekta
  6. Som barn var eg glad for det
  7. men som vaksen trur eg kanskje eg heller ville ha vore Hildegunn. Då hadde eg iallfall ikkje hatt 11741 namnesøstrer (berre 1915, faktisk!)
  8. Eg brukte lang tid på å finna ut kva eg skulle bli “når eg vart stor”
  9. Eg byrja på sjukepleien i 2004
  10. -avdi venninna mi sa vi skulle gå der i lag
  11. Venninna mi kom ikkje inn på studiet, men eg fullførte
  12. og fekk jobb rett etter at eg var ferdig.
  13. Eg arbeider på sjukeheim
  14. i 75% stilling
  15. og trivast med det.
  16. Eg har to ungar sjølv
  17. og tre “bonusungar”.
  18. Eg likar livet som storfamilie
  19. og 40% av tida bur vi 6 menneske her.
  20. Noko av det beste eg veit, er å ha ein rolig formiddag heime
  21. så eg kan ha tid til hobbyane mine
  22. men det er ikkje så ofte.
  23. Eg drøymer om eiget hus
  24. som er skreddersydd i forhald til alt det vi treng,
  25. men enn så lenge er eg særs nøgd med det livet vi har!

Eg vel å ikkje tagga nokon spesielle denne gongen, men viss du ikkje har teke denne enno, er du hjarteleg velkomen til å ta den med deg!

Obligatorisk for helsepersonell

Sunday, February 1st, 2009

Eg er ikkje heilt sikker på kven som peika meg i retning av bloggen “Har du glemt meg, mamma?”, men eg er veldig glad eg hamna der!

Bloggen omhandlar det å vere pårørande til ei relativt ung kvinne med demens. Det er dotttera sine tankar og røynsler vi får høyra om, og eg har lese og lese og lese. Eg trur faktisk eg har vore igjennom alle postane. Det er tankevekkande lesing for oss som er på “den andre sida”. Vi får høyra om korleis det opplevast når ein som pårørande ikkje vert høyrd, korleis det er å gradvis miste nokon som står ein nær, og ikkje minst kva som skal til for at den pårørande opplever at hennar næraste har det godt. Helsepersonell bør ha denne bloggen i leselista si. Det bør forresten dei fleste andre òg …

Postsecret-prosjekt treng deg!

Tuesday, January 6th, 2009

Takka vere Virrvarr, fann eg òg vegen til hjartesmil og postsecretprosjektet hennar. Ho ynskjer seg (anonyme) løyndomar på postkort som kan publiserast. Spennande, ikkje sant? Postkortet sender du til

mariell øyre
v/3mka, firda vgs
firdavegen 21
6823 sandane

Bli med då vel!