Archive for the ‘Nettrelatert’ Category

ABC i ord og bilete -B-

Friday, March 13th, 2009

B for Besten!

Min stefar og ungane sin Besten.

Besten stiller alltid opp, anten det er som barnevakt eller som kokk på julaften.

Då Hulda var lita og eg var åleine med ho, bar han ho milevis då ho gret på grunn av kolikk.

Då mamma vart sjuk, tok han seg av ho heile tida. Låg ho på sjukehuset, budde han nesten der. Var ho heime, var han heimesjukepleiar, heimehjelp og støttekontakt på ein gong. Eg vågar ikkje tenkje på korleis mamma si siste tid hadde vore utan Besten.

Besten bakar brød, surfar på nettet, pratar med ungane via MSN, vaskar hus, luker ugras, inviterer på middag, ringer og høyrer at vi har det bra, passar på oss og stiller opp når det trengst.

Eg unner alle ein Besten. Men ikkje ta min, for han vil vi ha sjølv!

Fleire ting på B finn du her!

25 random things about me

Sunday, February 1st, 2009

Eg vart tagga av Ellen til å fortella 25 ting om meg sjølv. Her er Unytting Viten om Monica:

  1. Eg er 31 år
  2. Eg vart fødd på ein torsdag
  3. I følge Ketilbror var det eit program om eit menneskets liv, frå fødsel til død, på barne TV den dagen eg vart fødd
  4. Mamma ville eg skulle heite Hildegunn
  5. … men resten av familien nekta
  6. Som barn var eg glad for det
  7. men som vaksen trur eg kanskje eg heller ville ha vore Hildegunn. Då hadde eg iallfall ikkje hatt 11741 namnesøstrer (berre 1915, faktisk!)
  8. Eg brukte lang tid på å finna ut kva eg skulle bli “når eg vart stor”
  9. Eg byrja på sjukepleien i 2004
  10. -avdi venninna mi sa vi skulle gå der i lag
  11. Venninna mi kom ikkje inn på studiet, men eg fullførte
  12. og fekk jobb rett etter at eg var ferdig.
  13. Eg arbeider på sjukeheim
  14. i 75% stilling
  15. og trivast med det.
  16. Eg har to ungar sjølv
  17. og tre “bonusungar”.
  18. Eg likar livet som storfamilie
  19. og 40% av tida bur vi 6 menneske her.
  20. Noko av det beste eg veit, er å ha ein rolig formiddag heime
  21. så eg kan ha tid til hobbyane mine
  22. men det er ikkje så ofte.
  23. Eg drøymer om eiget hus
  24. som er skreddersydd i forhald til alt det vi treng,
  25. men enn så lenge er eg særs nøgd med det livet vi har!

Eg vel å ikkje tagga nokon spesielle denne gongen, men viss du ikkje har teke denne enno, er du hjarteleg velkomen til å ta den med deg!

Obligatorisk for helsepersonell

Sunday, February 1st, 2009

Eg er ikkje heilt sikker på kven som peika meg i retning av bloggen “Har du glemt meg, mamma?”, men eg er veldig glad eg hamna der!

Bloggen omhandlar det å vere pårørande til ei relativt ung kvinne med demens. Det er dotttera sine tankar og røynsler vi får høyra om, og eg har lese og lese og lese. Eg trur faktisk eg har vore igjennom alle postane. Det er tankevekkande lesing for oss som er på “den andre sida”. Vi får høyra om korleis det opplevast når ein som pårørande ikkje vert høyrd, korleis det er å gradvis miste nokon som står ein nær, og ikkje minst kva som skal til for at den pårørande opplever at hennar næraste har det godt. Helsepersonell bør ha denne bloggen i leselista si. Det bør forresten dei fleste andre òg …

Postsecret-prosjekt treng deg!

Tuesday, January 6th, 2009

Takka vere Virrvarr, fann eg òg vegen til hjartesmil og postsecretprosjektet hennar. Ho ynskjer seg (anonyme) løyndomar på postkort som kan publiserast. Spennande, ikkje sant? Postkortet sender du til

mariell øyre
v/3mka, firda vgs
firdavegen 21
6823 sandane

Bli med då vel!

Betre seint enn aldri

Friday, January 2nd, 2009

Muffin inviterte til handarbeidsfest. Dei andre starta visst festen klokka 20 i kveld, men eg har vore på jobb. Eg skal på jobb i morgon klokka 7 òg, så her vert det korkje kaffi eller te. Ikkje ein gong ein kopp orkar eg å syne fram; eg drikk julebrus! :)

På pinnane har eg nettopp fullført ein Fishermans Friend-vott, skal vel starte på nummer to snart. Håpar festen har vore bra så langt, og at det er att litt sjokoladekake til meg òg.

Nærleik

Wednesday, December 10th, 2008

Eg har fått ei flott utmerking frå Ruth, og det gjer meg stolt!

Her er ho:


“The blog invests and believes the PROXIMITY – nearness in space, time and realationship! These blogs are exceedingly charming. These kind bloggers aim to find and be friends. They are not interested in prices or self-aggrandizement. Our hope is that when the ribbons of these prices are cut,even more friendship are propagated. Please give more attention to these writers!Deliver this award to eight bloggers who must choose eightmore and include this cleverly written text into the body of their awards.”
“Denne bloggen investerer i og tror på NÆRHET- nærhet i rom, tid og forhold! Disse bloggerne er usedvanlig sjarmerende og søte, og formålet er å finne og å være venner. De er ikke opptatt av utmerkelser og selvhevdelse. Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelser er kuttet, vil enda flere vennskap ha forplantet seg. Vær vennlig å gi litt ekstra oppmerksomhet til disse! Gi denne utmerkelsen til åtte bloggere, som igjen må velge seg åtte nye. Inkluder denne teksten på utmerkelsen deres”.

Så HERLEG å få gje denne til så mange, men ulempen er då at mange allereie har fått denne. Meeeeen, likevel er det jo riktig av meg å vise av kven eg meiner fortener det, så får dei heller posta fleire gongar viss dei vil syna fram nettopp det! ;P

Versågod til Hege (for begge bloggane dine), Beyla, Lena (lenge sidan du har blogga no?), Sipusa, Stjerneglimt, Frøken ij, og Mari (kom deg på nett att!) Og den åttande? Ruth som ga meg denne så klart!

Eit funn og ei utfordring

Tuesday, December 2nd, 2008

Eg søkte etter “adventsdikt” i dag, og då ramla eg inn på ei side kalla “Stillhetens visittkort“. Og der vart eg. Lenge. Ta ein kikk du og?

Så til utfordringa. Eg vart så sett ut då Mari skreiv “skjønne Monica”, at eg har sanneleg ikkje somla meg til å ta utfordringa enno. ;) Men no skal vi sjå …

7 ting du kanskje ikkje visste om meg

  1. Eg har store føter i forhald til at eg er ganske så tynn. Difor er det vanskeleg å finna støvlettar som passar både foten og leggen. Det er ikkje pent når støvlettane sleng rundt leggane!
  2. Eg er glad i “bakgrunnsstøy”, men på dagtid kan ikkje dette vere frå TV. Då må eg ha radioen på.
  3. Radioen på kjøkkenet står fast på P1
  4. … og det gjer radioen ved symaskina òg.
  5. Eg drikk julebrus (nesten) kvar dag i adventstida. Og det må vere Dahls julebrus. Anna julebrus drikk eg ikkje.
  6. Eg drøymde aldri om å bli sjukepleiar, men takka vere ei venninne landa eg på det studiet. Og eg har ikkje angra ein dag!
  7. Eg er ei sippeguri når det dreier seg om ting ein kan bli rørt av. Eg kan felle tårer for ein vakker solnedgang, vårens fyrste hestehov, stjernehimmelen, levande ljos, varme barnearmer kring halsen …. Get the picture?

Såh! Denne vel eg å senda til Ruth, som eg veit lite om!

Takk til Mari for artig utfordring.

Bloggurat?

Tuesday, December 2nd, 2008

Hm, eg slit litt med sidene mine for tida, og plutseleg var eg borte frå Bloggurat. Har prøvd å plassera meg att, så får vi sjå!

Pakke til meg!

Monday, December 1st, 2008

Eg vert alltid så lukkeleg når postbilen stoppar utanfor her. Og denne gongen hadde han med ei søt pakke frå Kina (neidå, det er ikkje fyrste gong!) som var sendt som rekommandert sending.

Eg måtte berre fortelja han kva det var som var inni, og då fekk han seg ein god latter. :) Det er visst ikkje heilt vanleg at slikt sendast rekommandert. Men sjåååå kor flott:

Bambuspinnar og etui er handla på ebay. Det er 8season knitting som sender desse til meg. Og det gjekk på under 2 veker!

Bokdykk.no

Wednesday, November 19th, 2008

Takka vere Hjorten vart eg peika i retning av ein ny norsk bokhandel, bokdykk.no.

Og naturleg nok berre måtte eg sjå etter, og jau då: Boka er der òg. Løp og kjøp!