Her i huset et vi litt for lite fisk, i mine auge. Då eg var lita var det fisk på menyen iallfall annakvar dag. Det er det ikkje no lenger. Men av og til er det ekstremt godt med fiskemat, og då er saltfiskekaker ein favoritt. Ingrediensane er som du ser over; kokt, salt fisk [...]
Eg har vore på etikkseminar på HiNT med Marie Aakre i dag. Ho prata om etikk og verdival i praksis, og i den samanhengen nevnte ho omgrepet “barmhjertighet”. Dei yrkesetiske retningslinene for sjukepleiarar stadfestar: Grunnlaget for all sykepleie skal være respekten for det enkelte menneskes liv og iboende verdighet. Sykepleie skal baseres på barmhjertighet, omsorg [...]
Biletet viser “Downtown Minneapolis” og er lånt herifrå. Gubben er allereie i Minnesota på klassetur, og fredag reiser eg etter. Då skal vi ha ei veke i lag. Åleine. Utan ungar, hund, hus og heim å forhalda oss til. Det er nesten litt skremmande å tenkje på! Det har vi enno ikkje prøvd, så det [...]
Eg ser at eg slett ikkje er åleine om å ikkje ha blogga dei siste månadene. Det ser ut til at dette er den store “Comeback”-helga for bloggane eg følgjer, så her er det berre å hive seg på! 223 bilete frå august seier vel sitt om at det har vore meir interessant å gjere [...]
Eg har lite å seie og å syna fram på bloggen for tida, men slik er det ofte om sommaren (det tyder vel på at ein faktisk har eit meir innhaldsrikt liv på denne tida, kanskje …). Men akkurat no, har eg faktisk noko å dela, og det er at ungane har vore til frisøren. [...]
Det er om å gjere å finne på noko å gjere i sommarvarmen, og ungane fann tidtrøyte i såpeboblane. Bileta er redigerte med Photoscape, som er eit gratis redigeringsprogram.
Dagane går så alt for fort (det er vel alderen …), så eg må ta to bokstavar på ein post. For å gjere det enkelt, let eg det vere eitt ord, samansett av to (leiker 20 spørsmål her no): N og O står for NaturOpplevingar: Tur til Marsteinsvola (442 moh). Det var langt og bratt [...]
M er Min bokstav, så M er for Monica! Av alle bileta eg har, er det få av meg, og årsaka er jo logisk; det er som oftast eg som held kameraet. Og viss eg skal halda kameraet og bli fotografert, blir ikkje resultatet så veldig bra, då blir det slik: Meeeen, no er ikkje [...]
Av kommentarane til førre innlegg, ser eg at nokre er litt nyfikne på denne kaka, så eg tenkte eg skulle ta på spanderbuksene og dele oppskrifta med dykk. Det “vanskelegaste” med oreokaka er at ho er tidkrevande, det er så sabla mykje venting mellom kvart “lag”. Her er ingrediensane: 1 pk. Philadelphia original (200 gr.) [...]
Eg var litt treig førre veke, og fekk liksom aldri med meg K. Den kjem her: K står for Kake: Eg er veldig glad i kake! Dette er Oreokake, og det er kjempegodt. Det skal eg forresten baka i morgon til ein barnedåp. (Men eg skal ikkje i barnedåpen sjølv, så det vert ingen smak [...]