Archive for the ‘Uncategorized’ Category

ABC i ord og bilete -J

Friday, May 8th, 2009

Etter eit djupdykk i Picasa, fann eg ut at

J er Jentetur:

I oktober var eg på kurs i hovudstaden. Dette var i haustferien, og då var det naturleg ganske nærliggande å ta med seg Huldamora.

På tur frå toget til hotellet:

Medan eg hadde kursdag, hadde Hulda med seg kameraet på tur i lag med Onkel Bodvar. Her fekk ho knipsa mykje:

Etter tre herlege dagar, var det på tide å vende nesa heimover.

Utsikta frå flyet var herleg:

Og begge var samde om at det hadde vore ein fin tur! ;)

Tradisjonen tru finn du fleire ABC-bilete hjå Petunia.

Håplaust! -Eller soga om ein tiger

Monday, May 4th, 2009

Har du sett slikt; her sit eg og skal (liksom) skriva ein rapport som eksamensoppgåve i vegleiingspedagogikk, og aldri før har det vel vore meir spennande med alt mogleg anna som eg inn på nett; ordspel, fjesboka, ravelry, adressa, Itunes … Eg gjer all slags dill som eg slett ikkje treng å halda på med, men oppgåve skriv eg ikkje. *sukk*

Vel, når eg fyrst er i gang med å gjere ting eg ikkje burde gjere, kan eg syna fram eit par bilete eg synast er så kule. Eg skulle på kveldsvakt førre måndag, og same dag var Even invitert i “jungelbursdag”. I og med at eg ikkje kunne vere tilstades, spurte eg jentene (Hulda og Linn) om dei kunne tenke seg å hjelpa Even så han vart ein ordentleg tiger. Og det gjorde dei!

Dei tok eit hårband og “trylla” det om til tigerøyre, og sanneleg kan dei ansiktsmale òg. Sjå for ein flott tiger:

Kul, ja?

ABC i ord og bilete -H

Friday, April 24th, 2009

H er lett; H er Hulda:

Den vakre, vesle jenta mi som føddest 010199 klokka 00:05 og vart nyårsbornet i Midt-Noreg.

Hulda var ein slik baby som var med over alt då ho var bittelita, vi var på sommarleir med målungdomen og på ferie på Fauske allereie den fyrste sommaren ho levde, og ho slo seg til ro over alt og var veldig sosial. Og stort sett blid! Og slik er ho forresten enno!

Eit knippe bilete av god-jenta frå ho var lita:




Men no har ho vorte ganske stor, heile 10 år! Og flott er ho enno!

Her som leksehjelpar for lillebror (ho har eit unikt tolmod!):

På skogstur:

Som fotball-spelar:

Og som “by-dame” på Oslo-tur i lag med meg i fjor haust:

Det var min H. Fleire ord og bilete på H finn du hjå Petunia.

ABC i ord og bilete -F

Sunday, April 12th, 2009

F for Friluftsliv:


Så herleg er det mogleg å ha det berre 10 minutt unna heimen!

Og når vi sit akkurat her, har vi denne utsikta:

Flott, ikkje sant?

Desse bileta er teke 15. mars i år. No må du nok leite lenge for å finna så mykje snø! :)

Fleire ord og bilete på F finn du via Petunia si side!

Kort påskeferie

Saturday, April 4th, 2009

Eg sit her og kjenner at eg er litt misunneleg på dei som har påskeferie. Sjølv skal eg arbeide måndag, tysdag onsdag og (lang)fredag i veka som kjem. Men slik er det når ein arbeider turnus!
God ferie til dei som har fri.

ABC i ord og bilete -D

Sunday, March 29th, 2009

Min D står for Drage!

Ein herleg julidag i fjor var vi på stranda. Det var visst perfekt dragever, for det var litt vind. Men herleg varmt var det likevel.

Her er ein som vart fascinert over dragen:

Hjå Petunia finn du fleire ord og bilete på D.

Travel fridag

Tuesday, March 17th, 2009

I dag har eg hatt fri, så eg tenkte eg skulle baka ein gjærkrans til foreldremøtet i kveld. Når eg fyrst var i gang, bakte eg 4 brød òg. Og midt i dette gløymde eg å passa godt nok på kransen i omnen, så den vart veldig mørk!

SÅ mørk skal den ikkje vere! Det var slett ikkje noko gale med smaken, som de ser er jo ein god del borte allereide, men det er ikkje like artig å servere. Så eg laga like godt ein ny:
Denne vart betre. så den får lov å vere med på foreldremøte i kveld!

Ute er det møkkaver, med snø, sludd, regn og vind om ein annan. Då er det heilt greit å vere inne og gjere litt husarbeid!

ABC i ord og bilete

Saturday, March 7th, 2009

Petunia har invitert oss med på ABC i ord og bilete!

A står for aking:

Aking er ein god ting med vinteren! Vi har ein fin åker på baksida av huset, og der er det flott å aka. Denne dagen, i november i fjor, var det meir is enn snø på åkeren, så ungane fekk skummelt god fart nedover. Men det gjekk bra! Ingen skadde, berre glede over å vere ute i aktivitet. (Hah! Der fekk eg fletta inn nok ein A!)

Fleire ord og bilete på A finn du her!

Det går mot vår

Friday, March 6th, 2009

Eg kjenner det går mot vår! Dagane er lengre og lysare, men no kan eg nyta snøen. Eg veit den ikkje vert her for alltid. Det sildrar frå takrennene, og eg har sett bar asfalt fleire stader. (Jaaada, eg veit det nok kjem meir snø, men akkurat NUH er det vår!)

Eg tok bilete gjennom vindauget et dag snøen var kram (eg ville ikkje forstyrra dei som var ute):

Hulda laga snømannen, og Even hjalp til med pynting. Vart det ikkje ein staut kar?

Det fekk meg til å synge denne visa av Alf Prøysen:

Kom skal du se på kjæresten din
Bustebartepinn, Bustebartepinn
Du titter ut og han titter inn
Bustebartepinn i snøen

Syns du’kke han er sveisen og pen
Bustebartepinn, Bustebartepinn
I morra så kan du gifte deg me’n
Bustebartepinn i snøen

Uvisst å si hvor lenge du har’n
Bustebartepinn, Bustebartepinn
I morra så kommer sola og tar’n
Bustebartepinn i snøen.

Og den visa fekk Even til å fortella historia om den grøne votten. Du veit, den som forsvann og var både heimen til musa og hjarte i snømannen. :)

Ha ei god helg, alle saman! Eg skal arbeide laurdag kveld og søndag morgon. Men akkurat no, er det lenge til!

Favoritt-te i favoritt-kopp

Tuesday, February 17th, 2009

Ta meg med på tur:

Når tur-selen er på, ventar han i spenning. Diverre (eller heldigvis?) har ikkje biletet lyd, elles hadde de høyrd pistringa!

Det vart ein kort tur, grunna kald vind og sol som forsvann! Det kan henda hunden prøver å finna ly:

Det er nesten så han har nasen meir under enn over snøen på tur!

Då eg kom heim var det tid for dette:

No skal eg kosa meg vidare!