Tidi gjeng like fort, um det er aldri så lite gjort.

4×4: Utfordring frå AB.

February 26th, 2011

Kanhenda er det nettopp dette eg treng for å koma meg i gang med blogginga att? Eg er sant å seie flau over kor lite blogging det har vore med meg. Dette er faktisk det fyrste innlegget på tre månader

Vel, til saka:

Den flotte dama bak bloggen ABs lille verden har sendt meg ei utfordring. Og det bør eg vel ta på stak arm. Eg skal skriva 4 ting eg har gjort i dag, 4 ting eg ynskjer meg og 4 ting eg likar dårleg. Og så skal eg utfordra 4 andre. La oss setje i gong!

4 ting eg har gjort i dag:

  • Lese avisa leeenge og nøye. Det er berre laurdagar eg tek meg tid til det, på kvardagane blar eg berre kjapt igjennom.
  • Eg har vore ute og aka i lag med ungane. Det er merkeleg kor nervøs ein blir etter kvart som ein blir eldre. No synast eg jo at rattkjelken er kjempeskummel! Og ungane synast eg er ei pyse …
  • Kjøpt laurdagsgodt! (Til meg sjølv altså. Ungane kjøper sitt eiget)
  • Laga og drukke varm sjokolade til lunsj i lag med familien min. Mmmmmmm!

4 ting eg ynskjer meg:

  • Nye gardiner til stua. Det skulle eg eigentleg kjøpa denne månaden (trudde eg), men så gjekk tørketrommelen sund. Og i og med at vi er ganske mange i husstanden, og tre av ungane driv med fotball, så må vi faktisk ha tørketrommel. Eller fleire sett treningstøy og handdukar. Så dei raude gardinene heng oppe enno, men kanskje neste månad ..?
  • Fleire laurdagar per månad! Laurdag er den aller beste dagen i veka, men den går så alt for fort …
  • Ein stor bukett tulipanar. Eg fekk det til morsdagen, men eigentleg vil eg ha tulipanar kvar helg, iallfall på denne tida av året.
  • Litt meir ordenssans. Og ork til å halda meir orden i huset. Eg blir litt lei av mitt eiget rot av og til, men stort sett trivast eg med å ha det slik som vi har det her heime.

4 ting eg likar dårleg:

  • Fordomsfulle menneske som ikkje har vilje til endring.
  • Måndagar. Dei er travle, stressande og slitsame.
  • Blank-is. Eg er like redd på glattisen no som eg var då eg var lita og ikkje våga krysse gardsplassen på blankisen før nokon kom og hjalp meg. Skilnaden er berre at no kan eg ikkje stå og ropa om hjelp, for det ser litt dumt ut. Dessutan bur vi litt aude, så eg hadde truleg vorte ståande til isen forsvann …
  • Stress! Når eg kjenner at eg ikkje har kontroll på situasjonen, blir eg stressa. Eller når eg har dårleg tid, eller ikkje rekk alt eg skal. Men eg øver på å handtera det betre, og eg har kome ganske langt, heldigvis.

4 fine folk eg vil utfordra:

Tek dei utfordringa, tru?

 

 

.

 

Tags: ,

Kom arbeidslyst og treng deg på …

November 17th, 2010

Eg trur eg har brukt opp arbeidslysta i denne omgang, i alle fall. Eg tok litt av, for å seie det slik.

Det heile starta med denne:

Ein vanleg, kjedeleg spisestuestol. Som eg var lei av. Og så, på ein kjedeleg søndag, finn eg ut at eg må “gjere noko” med stolen. Og eg hadde jo litt malingsrestar etter at eg mala amerikakofferten min. For godt over eit år sidan. (Visste du forresten at maling har “best før”-merking? Ikkje eg heller. Men eg har funne ut at ein glatt kan bruka malinga minst eit halvt år etter denne datoen) Og nokre penslar var det òg å oppdriva. Samt litt stoff. Og masse arbeidslyst.

Her er resultatet:

x 4, faktisk (med amerikakofferten på same bilete):

Eg synast sjølv det vart fint. Men så fell augo på denne seksjonen, som vart veldig mørk og traurig då stolane vart så fine:

Og då måtte det handlast inn meir maling, for dette kunne eg jo ikkje gå rundt og irritera meg over. Og slik vart resultatet:

Bokhylla i samme serie som seksjonen måtte òg til pers, så klart:

Men no er eg ferdig for ei stund. Trur eg.

Tags: ,

Den fyrste frostnatta …

September 26th, 2010

I dag sto eg opp til eit tynt rimlag på bakken. Den fyrste frostnatta har vitja oss.

Det gjer meg alltid litt melankolsk. Er det verkeleg over alt no? Er det snart vinter? Men eg er jo ikkje klar enno! Eg har ikkje rydda i hagen, eg har sommarsko på bilen (og meg sjølv og ungane), eg har ikkje gått over kleshaugen for å sjå kva som trengst til vinteren, eg veit ikkje en gong kvar vottane mine er ..!

Kjære frosten; kan du vente litt før du held fram? For mi skuld?

Tags: ,

Jesper Juul i vinden

September 20th, 2010

Både Nrk og TV2 har intervju med Jesper Juul i dag, og det er merkeleg korleis eg kan vere både samd og usamd med denne mannen. Det gjer jo at eg må spekulere i om det er tolkinga (mi eller journalisten si) av han som er ulik frå den eine saka til den andre, eller om det rett og slett er slik at det han seier til Nrk i dag er fornuftig, medan det han seier til TV2 er særs merkeleg …

“Steforeldre bør ikke oppdra eller bestemme over samboerens barn, mener familieterapeut Jesper Juul” i følge TV2. Nehei? Og korleis i all verda skal vi få livet i “nyfamilien” til å fungera då?

Klart eg kan prøve å vere ein god rollemodell, men det åleine er i mine auge ikkje nok alltid. Eg må innrømma at eg bestemmer over alle ungar som er i mitt hus, anten det er mine, sambuaren sine, naboungar eller andre. Dette gjer eg i kraft av å vere vaksen, ikkje i kraft av å vere ein forelder. Og når avgjerder skal fattast, er det den som vert råka av konsekvensen som må få lov å avgjera det. Til dømes; dersom min son spør om han får gå på sfo (det er poppis!), og eg er borte heile den gjeldande dagen, så er det då den vaksne som er heime som må få lov å avgjere dette. Og dersom stua flyt av rot når eg kjem heim til bonusungane mine, så ber eg dei sjølvsagt om å rydde opp etter seg. Og dette skjønar jo ungane òg. Men det ser det ikkje ut til at Jesper Juul gjer, og det finn eg litt merkeleg.

Dersom vi ikkje kan oppseda eller bestemme over bonusungane våre, blir vi buande som to einslege foreldrar, utan å kunne leva som ein vanleg familie, og dette synast eg kjennast meir merkeleg enn omvendt. Eg har forresten sjølv ein bonusfar, og eg trur årsaka til det gode forhaldet oss i mellom er nettopp det at han var med på å oppseda meg og setje grenser. Hadde han ikkje gjort det, hadde han ikkje vore noko(n) eg kunne ha tillit til.

– Egentlig burde heller ikke foreldrene oppdra barna sine, for oppdragelse er ofte nedverdigende irettesettelse. Men fordi barna elsker sine foreldre tåler de det, mener familieterapeuten.

Eg er ikkje heilt sikker på om det er slik årsakssamenhengen er. Eg trur ikkje vi elskar foreldra våre på trass av at dei oppsedar oss, men at vi elskar dei òg på grunn av at dei gjer nettopp dette. Grensesetting skaper tryggleik, og oppseding er grensesetting.Så, Jesper, eg kjem nok til å halda fram med å oppseda og bestemme over bonusungane mine, så håpar eg dei ikkje får varige mén av det seinare …

Ferietur!

August 2nd, 2010

Vi tok med oss alle ungane og reiste på charter-tur. Eit godt val i trønder-veret denne sommaren … Her er frå turen nedover:

Og turen var kort oppsummert så herleg som de ser her:

Det var heilt topp å koma seg vekk frå kulda og regnet i Trøndelag og nyte sol og varme i ei veke! For oss som var 7 til saman, var det forresten heilt genialt å bu med All Inclusive, slik at alle kunne ete noko når vi var svoltne (og nokre av oss er jo det heile tida). :)

Men neste år, då blir det nok vanleg hytteferie att, for sant å seie saknar vi det litt òg.

Tags: , ,

Evens middag

July 21st, 2010

I dag var det Even sin tur til å laga middag, og vi vart samde om at han kunne laga fiskekaker (med litt hjelp).

Eg brukar denne oppskrifta frå tante Gunvor (Norum) si oppskriftsbok:
Som de ser, tilrår tante ei matmølle, men det har eg ikkje, så her vert det gjort litt mindre enkelt, men likevel lett nok.

Det fyrste me gjer er å finna ut kor mykje fisk vi har.
Vi har eitt kilo, og må med andre ord dobla oppskrifta. Fin matematikktrening for ein liten gut!

Så køyrer vi fisken gjennom kverna på kjøkkenmaskina to gongar.

Og så blandar vi inn dei andre ingrediensane (eller “indegriensan” som Even seier):

Når eg har i egg, brukar eg ein vanleg handmiksar til å blanda alt godt saman.

Så er det berre steikinga att:


Kokken er ganske fornøgd med seg sjølv. Og det med god grunn!

Tags: ,

Ingen kan hjelpe alle, men alle kan hjelpe nokon!

July 8th, 2010

Eg hugsar ikkje når, og heller ikkje kven som ein gong tipsa meg om Kiva, men du skal ikkje sjå bort frå at det var her.

Eg sette inn $25 på min “Kiva-konto” for Lenge Sidan, og etter den tid har eg lånt ut pengane ein 3-4 gongar. Tanken bak Kiva er at vi skal hjelpa entrepenørar med mikrolån. Og “vi“, det er meg og deg og dei andre som har $25 å avsjå. Og du får dei attende, det har eg gjort kvar gong!

I dag har eg lånt ut omlag kr 160,- til Los Canastitos Group som skal bruka pengane til å handla inn materiale til saum. Målet er at dei på sikt skal greie seg sjølv, og så langt har mitt forhald til Kiva vore problemfritt. Pengane mine har kome attende, og eg har lånt dei ut att. Eg har kr 160,- uteståande i Nikaragua. Kven vil du låna ut pengar til?

Tags:

God middag!

June 20th, 2010

Her i huset et vi litt for lite fisk, i mine auge. Då eg var lita var det fisk på menyen iallfall annakvar dag. Det er det ikkje no lenger. Men av og til er det ekstremt godt med fiskemat, og då er saltfiskekaker ein favoritt.

Ingrediensane er som du ser over; kokt, salt fisk (gjerne torsk), kokt potet, lauk (eg hadde berre graslauk denne gongen, ofte brukar eg purre), egg og i tillegg litt mjøl og mjølk. Dersom du har restar av kokt gulrot er det òg kjempegodt i kakene. (Som du kanskje skjønar, er dette eigentleg restemat)

Eg mosa fisken og potetene med stavmiksar denne gongen, så røra vart jamn og fin. Så brukte eg vanleg handmiksar og blanda inn egg, mjøl og mjølk til “passe deig”.

Røra vart sjåande slik ut:

Deigen vart litt laus, men akkurat passe til å få lagt i panna med spiseskei. Steikast i godt med smør og serverast med kokt potet, smør og råkost. Mmmmm!

Tags: ,

Superbursdag!

June 2nd, 2010

Eg elskar bursdag! Og det er nesten berre artigare for kvart år.

I år hadde eg sanneleg arbeidsdag på bursdagen min, og på morgonen spekulerte eg i at det eigentleg burde vore lovpålagt med fri på bursdagen sin, men det endra seg då eg kom på jobb og herlege Anne-Berit hadde med pakke til meg! Og det var jenta si som hadde lese ønskelista, for pakka inneheldt lys, serviettar og sjokolade. Masse sjokolade:

(Det var meir Smil, men eg hadde jo ikkje med meg kameraet på jobb … Årsaka til at det vart att så mykje sjokolade som de ser her var forresten at eg hadde med sjokoladekake på jobben)

Etter ein kjempekoseleg arbeidsdag (med bursdagssang i vaktskiftet!) kom eg heim til desse to:

Dei song for meg og hadde gåver. Hulda og Even hadde laga gåver sjølv, og Hulda hadde skrive mange visdomsord og gullkorn til meg. Treng eg seie at eg måtte gråte litt? Og mannen i huset hadde sanneleg òg lese ønskelista, for eg fekk det største ønsket oppfylt. Eg er no eigar av desse:

Og dei er minst like fine som dei såg ut på biletet i ønskelista mi. Har ikkje eg verdas supraste mann, kanskje?

Og som om ikkje Anne-Berit hadde overraska meg nok, hadde ho i tillegg sendt meg brev! Ordentleg brev i posten! Og som den gode sjukepleiar ho er, hadde ho gjort datasamling om meg:

Er det rart eg trivast på jobb?

Så fekk eg middag; Kässlerskinke, hasselbackpotet og bearnaisesaus. *sikle* Og her er desserten:

Risbollar og softiskake! (Takk for tipset, Mari!)

I tillegg til alt dette har det samla inn helsingar både på telefon og via nett. Takk alle for at de gjer dagen min super! For dette har verkeleg vore Superbursdag! Herleg!!!

Tags: , , ,

Det er berre å ringe!

May 29th, 2010

“Det er bare å ringe, jeg stiller!” heiter ei gruppe eg har meldt meg inn i på Facebook.

Gruppa vart starta som ei støttegruppe for ein barneskuleelev på Løvas skule i Bergen som vart utsett for overgrep av medelevane sine.

Eg vel å skriv at han vart utsett for overgrep, for det som hendte var at han vart banka opp av ein gut medan medelevar sto rundt og håna, lo og til og med filma det som hendte. Og for å gjere det fullkome, lasta dei opp filmen til facebook etterpå.

Eg er stum, kvalm og full av avmakt. Eg har vald å ikkje sjå mobbevideoen, for skildringane av det som foregår er meir enn nok for meg. Korleis er det ikkje då for deg, som ikkje berre såg, men var den det gjekk ut over? Eg håpar at eg har oppseda ungane mine til å bli menneske som ikkje står og ser på at nokon gjer slikt mot andre. Eg vågar ikkje tenkje tanken på at ungane mine er den som slår eller blir slått, det er ille nok å stå rundt!

Kjære ungar, både mine eigne og andre sine; ikkje la nokon gjere slikt mot andre! Skaff hjelp, det er det som er det ansvarlege å gjere. Sei frå heime eller på skulen dersom du veit at slikt hender der du er. Vi vaksne veit ikkje ein brøkdel av det som hender i laupet av ein skuledag, det er det berre de som kan fortelja oss. Ikkje alle episodar hamnar på facebook og blir fanga opp, så vi er heilt avhengige av vitne som dykk. Å handsama nokon slik er faktisk eit lovbrot, det er kriminelt. Men det er òg eit lovbrot å vita om det og ikkje seie noko.

Journalist Bjørn O. Mørch Larsen i Bergensavisa har skrive eit nydeleg ope brev til guten. Det er verdt å lesa.

Tags: ,

  • mimouna: Åh så godt at det fikk en lykkelig utgang. Vondt n...
  • Ruth: Du, nå ble jeg glad. Jeg fikk så vondt av deg da...
  • AB: Jeiii, fantastisk!...
  • Lasse G. Dahl: Gratulerer! Godt at det gikk bra til sist....
  • eli: Det var kjekt, Monica! Har tenkt på dykk....

Powered by WordPress

Blossom Theme by RoseCityGardens.com