Ingen kan hjelpe alle, men alle kan hjelpe nokon!

July 8th, 2010

Eg hugsar ikkje når, og heller ikkje kven som ein gong tipsa meg om Kiva, men du skal ikkje sjå bort frå at det var her.

Eg sette inn $25 på min “Kiva-konto” for Lenge Sidan, og etter den tid har eg lånt ut pengane ein 3-4 gongar. Tanken bak Kiva er at vi skal hjelpa entrepenørar med mikrolån. Og “vi“, det er meg og deg og dei andre som har $25 å avsjå. Og du får dei attende, det har eg gjort kvar gong!

I dag har eg lånt ut omlag kr 160,- til Los Canastitos Group som skal bruka pengane til å handla inn materiale til saum. Målet er at dei på sikt skal greie seg sjølv, og så langt har mitt forhald til Kiva vore problemfritt. Pengane mine har kome attende, og eg har lånt dei ut att. Eg har kr 160,- uteståande i Nikaragua. Kven vil du låna ut pengar til?

God middag!

June 20th, 2010

Her i huset et vi litt for lite fisk, i mine auge. Då eg var lita var det fisk på menyen iallfall annakvar dag. Det er det ikkje no lenger. Men av og til er det ekstremt godt med fiskemat, og då er saltfiskekaker ein favoritt.

Ingrediensane er som du ser over; kokt, salt fisk (gjerne torsk), kokt potet, lauk (eg hadde berre graslauk denne gongen, ofte brukar eg purre), egg og i tillegg litt mjøl og mjølk. Dersom du har restar av kokt gulrot er det òg kjempegodt i kakene. (Som du kanskje skjønar, er dette eigentleg restemat)

Eg mosa fisken og potetene med stavmiksar denne gongen, så røra vart jamn og fin. Så brukte eg vanleg handmiksar og blanda inn egg, mjøl og mjølk til “passe deig”.

Røra vart sjåande slik ut:

Deigen vart litt laus, men akkurat passe til å få lagt i panna med spiseskei. Steikast i godt med smør og serverast med kokt potet, smør og råkost. Mmmmm!

Superbursdag!

June 2nd, 2010

Eg elskar bursdag! Og det er nesten berre artigare for kvart år.

I år hadde eg sanneleg arbeidsdag på bursdagen min, og på morgonen spekulerte eg i at det eigentleg burde vore lovpålagt med fri på bursdagen sin, men det endra seg då eg kom på jobb og herlege Anne-Berit hadde med pakke til meg! Og det var jenta si som hadde lese ønskelista, for pakka inneheldt lys, serviettar og sjokolade. Masse sjokolade:

(Det var meir Smil, men eg hadde jo ikkje med meg kameraet på jobb … Årsaka til at det vart att så mykje sjokolade som de ser her var forresten at eg hadde med sjokoladekake på jobben)

Etter ein kjempekoseleg arbeidsdag (med bursdagssang i vaktskiftet!) kom eg heim til desse to:

Dei song for meg og hadde gåver. Hulda og Even hadde laga gåver sjølv, og Hulda hadde skrive mange visdomsord og gullkorn til meg. Treng eg seie at eg måtte gråte litt? Og mannen i huset hadde sanneleg òg lese ønskelista, for eg fekk det største ønsket oppfylt. Eg er no eigar av desse:

Og dei er minst like fine som dei såg ut på biletet i ønskelista mi. Har ikkje eg verdas supraste mann, kanskje?

Og som om ikkje Anne-Berit hadde overraska meg nok, hadde ho i tillegg sendt meg brev! Ordentleg brev i posten! Og som den gode sjukepleiar ho er, hadde ho gjort datasamling om meg:

Er det rart eg trivast på jobb?

Så fekk eg middag; Kässlerskinke, hasselbackpotet og bearnaisesaus. *sikle* Og her er desserten:

Risbollar og softiskake! (Takk for tipset, Mari!)

I tillegg til alt dette har det samla inn helsingar både på telefon og via nett. Takk alle for at de gjer dagen min super! For dette har verkeleg vore Superbursdag! Herleg!!!

Det er berre å ringe!

May 29th, 2010

“Det er bare å ringe, jeg stiller!” heiter ei gruppe eg har meldt meg inn i på Facebook.

Gruppa vart starta som ei støttegruppe for ein barneskuleelev på Løvas skule i Bergen som vart utsett for overgrep av medelevane sine.

Eg vel å skriv at han vart utsett for overgrep, for det som hendte var at han vart banka opp av ein gut medan medelevar sto rundt og håna, lo og til og med filma det som hendte. Og for å gjere det fullkome, lasta dei opp filmen til facebook etterpå.

Eg er stum, kvalm og full av avmakt. Eg har vald å ikkje sjå mobbevideoen, for skildringane av det som foregår er meir enn nok for meg. Korleis er det ikkje då for deg, som ikkje berre såg, men var den det gjekk ut over? Eg håpar at eg har oppseda ungane mine til å bli menneske som ikkje står og ser på at nokon gjer slikt mot andre. Eg vågar ikkje tenkje tanken på at ungane mine er den som slår eller blir slått, det er ille nok å stå rundt!

Kjære ungar, både mine eigne og andre sine; ikkje la nokon gjere slikt mot andre! Skaff hjelp, det er det som er det ansvarlege å gjere. Sei frå heime eller på skulen dersom du veit at slikt hender der du er. Vi vaksne veit ikkje ein brøkdel av det som hender i laupet av ein skuledag, det er det berre de som kan fortelja oss. Ikkje alle episodar hamnar på facebook og blir fanga opp, så vi er heilt avhengige av vitne som dykk. Å handsama nokon slik er faktisk eit lovbrot, det er kriminelt. Men det er òg eit lovbrot å vita om det og ikkje seie noko.

Journalist Bjørn O. Mørch Larsen i Bergensavisa har skrive eit nydeleg ope brev til guten. Det er verdt å lesa.

Ønskeliste

May 22nd, 2010

No er det berre ei og ei halv veke til bursdagen min, og eg gler meg som alltid! :D

Ettersom eg er så barnleg som eg er, vel eg å posta ei lita ønskeliste dersom nokon er tomme for idear:

Harmony WoodNydeleg sett frå Knit Picks med Harmony Wood-pinnar.

Boka “Terminalhastighet” av Johan Mjønes

Garn, så klart!

Knapper! Det finnast så mange flotte!

Blomar er alltid fint å få.

Sjokolade eller anna godt vert teke i mot med stor takk!

Det same vert lys, serviettar og anna “småtteri”.

…Men eigentleg er eg vel takksam for det meste, for berre det å få pakke tyder jo at nokon har tenkt på meg, og kva er vel betre enn det? :)

Livet er herleg!

May 20th, 2010

Bedrebustur.dk kan vi både lese og sjå videoen om bussjåføren Mukhtar som blir overraska på bursdagen sin. Det var nok til at eg vart rørd i alle fall. ;)

Her er videoen:

Konfirmasjonar overstått!

May 10th, 2010

Og eg kan endeleg syna fram konfirmasjonskorta eg laga. :)

Til Thomas, med pengelomme (men eg gløymde så klart å ta bilete av dette kortet med pengar i …):

Til Frigg:

Dersom du undrar på korleis ein lagar kort med pengelomme, finn du ei knakande god oppskrift på dette, på http://anitas-hobbyblogg.blogspot.com/2009/05/2-konfirmasjonskort-og-tutorial.html

Gratulerer med dagen!

May 1st, 2010

Eg er litt flau over at eg ikkje er ute og går i tog i dag. Men Mannen sit med oppgåve (bachelor), og eg har veldig lite lyst til å dra åleine … Samvitet gneg, men eg får iallfall spela arbeidarsongar her heime!

REVOLUSJONENS RØST -Rudolf Nilsen

Gi meg de rene og ranke, de faste og sterke menn,
de som har tolmod og vilje og aldri i livet går hen
og selger min store tanke, men kjemper til døden for den.

Gi meg de kolde og kloke, som kjenner min virkelighet.
Bedre enn mange som sier de tror, trenger jeg nogen som vet.
Intet er mere som skrift i sand enn løfter om kjærlighet.

Gi meg de bitre og steile, som ikke har frykt i sitt blikk.
Gi meg de gudløse stolte, som ikke har trang til mystikk,
men dristig vil skape en himmel her efter sin egen skikk.

Gi meg de brennende hjerter, som aldri gir tapt for tvil,
som aldri kan kues av mismot og trues av sorger til hvil,
men møter hver seier, hvert nederlag med det samme usårlige smil.

Ja gi meg de beste blandt dere, og jeg skal gi dere alt.
Ingen kan vite før seiren er min hvor meget det virkelig gjaldt.
Kan hende det gjelder å redde vår jord. De beste blandt dere er kalt.

Vårleg blogg!

April 30th, 2010

Ute regner det konstant for tida, men på bloggen er det vår! Eg har endra litt, og takka vere WordPress sine geniale løysingar, er det veldig enkelt å skifta design innimellom.

Vart det ikkje vårleg og flott no, kanskje? Så gløymer vi regnet ei stund. Det er iallfall fint ver ute å vere inne i!

Matpakkespisevise

April 30th, 2010

Even var litt uheldig på turdagen denne veka. Han hadde med seg ein youghurt og eit eple til mat, og hadde visst gleda seg på det. Men kva hender? Youghurtboksen hadde gått i stykker (nede i sekken, så klart!), og epla han då fann ut at han skulle trøysta seg med, var gamal med brune flekkar … Det einaste positive då, var at han heldigvis hadde med seg kakao! ;)

Desse triste hendingane fekk meg (i desse Knutsen&Ludvigsen-tider) naturleg nok til å tenkje på ein av mine favorittmelodiar frå barndomen: