Dagane går så alt for fort (det er vel alderen …), så eg må ta to bokstavar på ein post. For å gjere det enkelt, let eg det vere eitt ord, samansett av to (leiker 20 spørsmål her no): N og O står for NaturOpplevingar: Tur til Marsteinsvola (442 moh). Det var langt og bratt [...]
M er Min bokstav, så M er for Monica! Av alle bileta eg har, er det få av meg, og årsaka er jo logisk; det er som oftast eg som held kameraet. Og viss eg skal halda kameraet og bli fotografert, blir ikkje resultatet så veldig bra, då blir det slik: Meeeen, no er ikkje [...]
Eg var litt treig førre veke, og fekk liksom aldri med meg K. Den kjem her: K står for Kake: Eg er veldig glad i kake! Dette er Oreokake, og det er kjempegodt. Det skal eg forresten baka i morgon til ein barnedåp. (Men eg skal ikkje i barnedåpen sjølv, så det vert ingen smak [...]
Etter eit djupdykk i Picasa, fann eg ut at J er Jentetur: I oktober var eg på kurs i hovudstaden. Dette var i haustferien, og då var det naturleg ganske nærliggande å ta med seg Huldamora. På tur frå toget til hotellet: Medan eg hadde kursdag, hadde Hulda med seg kameraet på tur i lag [...]
Når ABC-dag og fyrste mai var samanfallande, var dagens bokstav grei! I for Internasjonalen: Opp, alle jordens bundne trelle! Opp, I som sulten knuget har. Nu drønner det av rettens velde: Til siste kamp der gjøres klar. Alt det gamle vi med jorden jevner, Opp, slaver, nu til frihet frem! Vi intet var, men alt [...]
H er lett; H er Hulda: Den vakre, vesle jenta mi som føddest 010199 klokka 00:05 og vart nyårsbornet i Midt-Noreg. Hulda var ein slik baby som var med over alt då ho var bittelita, vi var på sommarleir med målungdomen og på ferie på Fauske allereie den fyrste sommaren ho levde, og ho slo [...]
G for Gamal Eg fann ein skatt på Bruktbo på Levanger; ein gamal amerikakoffert: Stria på lokket var øydelagt fleire stader, så den har eg byrja fjerna på dette biletet. Her er all stria borte og pussinga har starta: Maling pågår: Det siste som skal gjerast, er at eg skal pussa og mala innsida òg. [...]
F for Friluftsliv: Så herleg er det mogleg å ha det berre 10 minutt unna heimen! Og når vi sit akkurat her, har vi denne utsikta: Flott, ikkje sant? Desse bileta er teke 15. mars i år. No må du nok leite lenge for å finna så mykje snø! Fleire ord og bilete på F [...]
Min E står for min herlege son Even: 31. desember 2002 kom han til verda, tre dagar på “overtid”. 3160 gram og 48 cm var den lille mannen då han fann det for godt å koma ut av magen. Påska 2004: Hausten 2005: Våren 2006. Vi var i konfirmasjon, og Even fann den einaste søledammen [...]
Min D står for Drage! Ein herleg julidag i fjor var vi på stranda. Det var visst perfekt dragever, for det var litt vind. Men herleg varmt var det likevel. Her er ein som vart fascinert over dragen: Hjå Petunia finn du fleire ord og bilete på D.