Endeleg er det advent! I går koste vi oss alle i lag med Jul i Svingen på TV, pepparkaker, “kvitkjeks”, karamellar og julebrus. Og mor sjølv fann noko å kosa seg med; eit flott mønster på pulsvanter på Ravelry då eg prøvde å finna ut kva eg skulle laga av det herlege garnet eg kjøpte [...]
Julekalenderen her i huset ser slik ut. Dersom du ynskjer deg ein julekalender, vil eg oppmoda deg til å følga med på kalenderen til Maren. Det fyrste innlegget lovar godt for den neste dagane! God førjulstid!
I fjor ga eg dykk eit adventsdikt, slik mamma alltid gjorde for oss ungane, og eg fann ut eg skulle gjere det same i år. Versågod! Håpar de har glede av det. (Og hugs: Spør om lov viss du ynskjer å bruka det sjølv) Kjærleiken Det kom ein liten gut til meg han var så [...]
I dag har vi vore på julehandel i Trondheim. Fred på jord var ikkje å finna i butikk, men vi fann heldigvis andre ting det gjekk an å handla. Då vi kom heim, pynta vi litt i huset, og eg er nøgd med resultatet: Endeleg kunne eg ta fram det eg sydde tidlegare! I vindaugskarmen [...]
Som Lin tok eg sjansen på å spørra ungane kva dei ønska seg til jul, og naturleg nok fekk eg svar. Ulike svar, ut frå alder og interesser, og det i seg sjølv er grunn god nok til å be om ønskeliste; det er spennande å sjå kva ungane er opptekne av akkurat no. Thomas [...]
Som tidlegare sagt har eg budd meg på advent. Ein gamal, grå duk og to panelgardiner frå posesalg på Europris har fått nytt liv som 2 løparar og 2 putetrekk: Dette skal ikkje fram før sundag om 14 dagar. Eg gler meg vilt! Eg har forresten gløymd å blogga alpelua er har strikka meg, og [...]
Mannen er ute på tur, og sjølv tuslar eg mellom symaskina og datamaskina. Eg bur meg på advent! Resultatet får de truleg sjå i kveld. Fyrst må mannen koma att med fotoapparatet. Mari ga meg forresten eit lite spark bak då ho blogga juleboka si. Mamma hadde ei slik, men for meg har det vorte [...]
I dag har vi vore i barnehagen til Luciafeiring. Verdas finaste stjernegut er han som ser rett i kamera her: Vi fekk gløgg, pepparnøtter og lussekatter, og det var rett så triveleg! We’ve been celebrating St. Lucy’s day in kindergarden. My son is the one that stares straight in the camera in the first picture. [...]
Mamma hadde ein fin tradisjon som er god å minnast no når ho er borte: Ho brukte å senda eit adventsdikt og eit kalenderljos til oss ungane før 1. desember kvart år. Som oftast skreiv ho adventsdikta sjølv, og det er eitt av desse eg ynskjer å dela med dykk. Eg håpar de vil lika [...]
Denne helga feira vi Linn-T. sin bursdag på laurdag, med kaker,is og brus og masse gjestar. Kjempehyggeleg! Sundag var vi på “Jul igjen” på Stiklestad, der vi skulle møte bror Ketil med familie, men lagnaden var visst ikkje på vår side denne gongen. Vi venta og venta og venta på telefon frå Ketil, men neidå. [...]