Posts Tagged ‘besten’

ABC i ord og bilete -B-

Friday, March 13th, 2009

B for Besten!

Min stefar og ungane sin Besten.

Besten stiller alltid opp, anten det er som barnevakt eller som kokk på julaften.

Då Hulda var lita og eg var åleine med ho, bar han ho milevis då ho gret på grunn av kolikk.

Då mamma vart sjuk, tok han seg av ho heile tida. Låg ho på sjukehuset, budde han nesten der. Var ho heime, var han heimesjukepleiar, heimehjelp og støttekontakt på ein gong. Eg vågar ikkje tenkje på korleis mamma si siste tid hadde vore utan Besten.

Besten bakar brød, surfar på nettet, pratar med ungane via MSN, vaskar hus, luker ugras, inviterer på middag, ringer og høyrer at vi har det bra, passar på oss og stiller opp når det trengst.

Eg unner alle ein Besten. Men ikkje ta min, for han vil vi ha sjølv!

Fleire ting på B finn du her!