.
.
. men ikkje for ingenting.
I dag hadde eg dagvakt, og det var ei litt stressande vakt, så eg var sliten då eg var på heimtur
. Eg måtte køyra Tor Inge sin bil, for Chrysler’n som hadde vore på verkstad, hadde kome ut frå verkstaden i verre forfatning enn han var då han kom inn
. Det hadde vorte bytta tennpluggar, men Noko Er Feil, for det høyrast ikkje ut som bilen går på meir enn 5 (av 6) sylindrar iallfall. Med andre ord; ikkje noko ein ynskjer å køyra lengre enn til butikken med.
Etter å ha køyrd eit stykke, høyrde eg ein merkeleg lyd i bilen. Det var som om det kunne vere ei laus tettingslist eller noko, men eg såg ikkje noko som blafra ..
. Plutseleg mintest eg ein liknande lyd frå då eg var lita og sat på med pappa, og då hadde bilen punktert. Eg svinga ut på næraste veglomme, og ganske riktig, høgre bakhjul var nesten flatt. Litt mutt og molefunken tok eg fram mobilen og ringte mannen, som skulle koma.
Medan eg sat der og venta, la eg merke til ein bil med ei eldre kvinne inni som kom i motgåande køyrefelt, og bilen køyrde merkeleg sakte då den passerte meg, og nokre meter lengre bort, stoppa den heilt opp. Det rauk litt av bilen som hadde stoppa, og plutseleg såg eg at det var flammar under han! Då vart det fart på meg! Eg kom meg på andre sida av vegen, og hanka tak i kvinna som enno ikkje hadde kome seg ut av bilen før eg ringte 110. Eg fekk ut varseltrekant, og fekk hjelp av Tor Inge då han kom, samt av ein NAF-sjåfør som var på tur forbi.
Som sjukepleiar hender det jo at eg rekvirerer ambulanse, men eg må innrømma at eg aldri har fått fart på så mange utrykningskøyrety på ein gong før. Fyrst kom kommandobilen til brannvesenet, så ein brannbil, deretter to ambulansar, og til sist, (då alt eigentleg var nesten over), kom det to politibilar.
Dette vart ein særs uvanleg tur heim frå arbeid. Må innrømma at eg var litt skjelven etterpå, men alt gjekk bra med bilføraren og eg sjølv har oppdaga at eg tydelegvis held hovudet kaldt sjølv i situasjonar som er stressande. Mykje spenning på ein vanleg laurdag!
(Og dekket mitt vart bytta av Tor Inge medan dramaet pågjekk)
Både Trønderavisa og Adressa nemnar hendinga.