Eg har (som Mari) faktisk byrja å tenke så smått på julerydding, og i samband med dette er det lett å decluttera. I ryddinga av loftsgangen kasta eg mellom anna dette: Kinderegg-leikar 2 øydelagte lamper malebok (halvvegs brukt, men tydelegvis forkasta av eigaren) gamle papir øydelagt regnbukse Lagt vekk: Klær som er for små
Takka vere Annette hugsa eg at eg har forsømt declutteringspostane den siste tida. Kva eg har kasta? Tja, sånn i farta er det ikkje lett å minnast, men eg skal gjere eit forsøk på å skrive ned noko av det: øydelagte hårstrikk klinkekuler ingen plukker med seg frå badegolvet … knappar som er øydelagte diverse [...]
Eg har rydda i gangen att! Og no har eg i tillegg til å fjerna saker og ting hengt opp mellom anna ei hylle og fleire kroker til å henge ting på. Og så har eg laga eit nytt System i lag med Even. Vi har funne oss ei plastkasse med lokk som står i [...]
Kvar dag ser eg nye ting som kan fjernast frå huset. Eg har rydda Even sitt rom denne veka, og der plukka eg mellom anna ut bilete-bøker frå hylla hans. Eg trur vi skal gje dei bort til eitt eller anna “godt formål”. Er det nokon som har gode idéar?
Som eg sa i går, så går eg over til å blogge decluttering per veke i staden for per dag. Eg kjente eg fekk avsmak for heile blogginga når eg hadde eit press på meg til å skriva om eitt bestemt emne når eg eigentleg ville skriva om noko anna, men ikkje fann tid til [...]
Dei siste dagane har eg vore flink, om eg må seie det sjølv! Eg har rydda på “litj-stua”, og derifrå vart det kasta ein heil søplesekk med ting, mellom anna to te-lysestakar som eg ikkje har brukt på lenge på grunn av at dei er ganske vaklevorne, og dermed er skumle å ha lys i. [...]
Eg har snik-kasta ting dei siste dagane … Til saman har eg kasta over 20 ting frå jenterommet, men noko var faktisk verkeleg søppel då. Det siste eg kasta i dag, var ei øydelagt porselensdukke, og det er ikkje noko ein treng ha liggande “i tilfelle”! Har du gløymt kva decluttering er, eller kanhenda det [...]
I dag har eg teke ein kikk i krydderskapet, og nesten utan å leite fann eg 4 krydderglas som hadde gått ut på dato … Dei vart kasta.
Dei siste dagane har declutteringa gått litt trått. Det vil seie, eg kastar noko kvar dag, men eg minnast nesten ikkje kva eg kastar viss eg ikkje bloggar det med ein gong! Det eg kjem på i farta er at eg har rydda i ei skuff der eg mellom anna fann mange gamle brukarrettleiingar for [...]
Vi har byrja abonnera på økologisk mat frå Økomat Innherred, så annakvar veke får vi pakker med mat levert på døra. Her ser de nokre av varane vi fekk i dag: Alt smaker fantastisk, og det er verdt pengane. Dessutan et ungane masse av dette! Til dømes er tomaten spesielt god trur eg, for det [...]