Posts Tagged ‘dikt’

Dikt til ettertanke

Wednesday, September 5th, 2007


Av og til dumpar ein borti ting på nettet som set seg fast, og på sida til Helle fann eg ein slik ting

factors in the individual patient must be emphasized.for ED. How long does cialis take to work?.

. Helle deler dikta sine med oss, og dette var verkeleg verdt å lesa og å hugsa …

Mor mi

Thursday, August 16th, 2007


Mamma var ein diktar

29Sample Sexual History Questions(9-20kg) 4-5 cheap viagra.

. Ho skreiv heile livet, og ho skreiv godt
. Dikta hennar er att etter ho, og eg har mange av dei lagra på datamaskina
. I desse kan eg finna trøyst og von når eg treng det, eller eg kan la tårene trilla og kjenna på saknet viss eg ynskjer det.

Etter å ha lese nokre bloggar i samband med Oktoberrosa-aksjonen, kom eg til å minnast eit dikt mamma skreiv, og det ynskjer eg å dela med dykk. Håpar de òg likar det, og at de spør om lov dersom de sjølve har lyst til å bruka det til noko.

Hvis jeg fikk leve -

Hvis jeg fikk leve
mitt liv
om igjen


skulle jeg
smile mer
og gråte oftere

Jeg skulle stå opp
flere tidlige
sommermorgener


og gå barbent
i gresset
helt alene

Jeg skulle bruke
mer tid på
å finne ut


hvem jeg er
enn hva som
forventes av meg.


Hjørdis Gausen Renli

Men eg trur at dei siste åra mamma levde, gjorde ho mykje av dette. Ho fann nok ut kven ho var, og ho slutta tenkje på kva som vart forventa av ho
. Mamma levde og nyta livet den siste tida, og det er det godt å tenkje på i ettertid ..
.

Eg har forresten redigert dette innlegget mange gongar no, for eg har problem med å hugsa at eg skal skriva i fortid. Trur det går lang tid før eg har vent meg på at ho ikkje er i lag med oss på jorda meir.

Mamma

Monday, January 8th, 2007



Mi kjære, gode, tapre mor døydde natt til laurdag etter fleire års kamp mot kreftsjukdommen. Dei siste åra har det vore mange turar inn og ut av sjukehuset for mamma’n min, og no, berre nokre dagar inn i det nye året, måtte sjølv ho gje tapt. Mamma var på sjukehuset då ho døydde, og ho somna stilt inn med sin trufaste ektemann Oddvar ved sida si
.

Midt oppe i dette, vart Hulda 8 år og Even 4 år, og for deira skuld har me feira bursdag trass i sorga, så her kjenner me sanneleg at orda til salmediktaren Kingo gjer seg gjeldande når han seier at ”sorgen og gleden de vandrer til hope, lykke og ulykke kommer på rad”.

Kva det tyder for meg å ha mist mamma er enno alt for stort til at eg kansetja ord på tankane, men eg kjenner meg takksam for at mamma hadde det godt dei siste timane. Ho var særs godt smertelindra, og sjukepleiarane på sjukehuset på Levanger har vore fantastiske mot både mamma og oss som var rundt ho.

Til minne om mamma vil eg sitera eit av dei vakre dikta hennar

effects on sexual function, mood and cognition are lesscentral nervous system level. It was initially administered How to get viagra.

. Ho har sjølv stått ved mangt eit dødsleie, og i diktet ”Avskjed” skildrar ho det så vakkert og sant.

Så vart og vakkert
kan døden komme,
så mildt og høytidsfullt
som en venn.
Du visste godt at
din tid var omme,
at slutten nærmet seg
så smått om senn.

Du ynket litt
med urolig mine
og vi ble redd
at du lå og led,
men da vi hender
la over dine
og leste “Fader Vår”
fikk du fred

Ved siste sukk
ble du rent forklaret
ditt ansikt strålte
i fredfull ro
vi følte savnet
og visste svaret;
nå gikk du over
din siste bro …

Og det var tårer
og sorg og vemod
slik har det vært
og slik vil det bli.
Da ble det kviskra
i stille høytid:
No veit ho “Go’mor” snart
Litt meir enn vi -.

Takk, mamma, for alt det du var. No har du gått over di siste bru. Eg saknar deg enormt.