Evens middag

I dag var det Even sin tur til å laga middag, og vi vart samde om at han kunne laga fiskekaker (med litt hjelp). Eg brukar denne oppskrifta frå tante Gunvor (Norum) si oppskriftsbok: Som de ser, tilrår tante ei matmølle, men det har eg ikkje, så her vert det gjort litt mindre enkelt, men [...]

Matpakkespisevise

Even var litt uheldig på turdagen denne veka. Han hadde med seg ein youghurt og eit eple til mat, og hadde visst gleda seg på det. Men kva hender? Youghurtboksen hadde gått i stykker (nede i sekken, så klart!), og epla han då fann ut at han skulle trøysta seg med, var gamal med brune [...]

Tae Kwon Do

Hulda og Even går på Tae Kwon Do, og dei stortrivast med sporten. Slik såg dei ut då dei graderte seg til gult belte i haust: No trener dei hardt før neste gradering!

Bloggtørke

Eg har lite å seie og å syna fram på bloggen for tida, men slik er det ofte om sommaren (det tyder vel på at ein faktisk har eit meir innhaldsrikt liv på denne tida, kanskje …). Men akkurat no, har eg faktisk noko å dela, og det er at ungane har vore til frisøren. [...]

Såpebobler

Det er om å gjere å finne på noko å gjere i sommarvarmen, og ungane fann tidtrøyte i såpeboblane. Bileta er redigerte med Photoscape, som er eit gratis redigeringsprogram.

17. mai 2009

Så er denne 17. mai så godt som over. Dagen har vore flott, frå start til slutt, med barnetog på Verdalsøra, is på skulen og lite folketog mellom Leklemsåsen og Soltun før middag der (nydelege kjøttkaker!). Det einaste vi sakna var dei “obligatoriske” leikane på Soltun, men ein kan vel ikkje få alt alltid? Etter [...]

Håplaust! -Eller soga om ein tiger

Har du sett slikt; her sit eg og skal (liksom) skriva ein rapport som eksamensoppgåve i vegleiingspedagogikk, og aldri før har det vel vore meir spennande med alt mogleg anna som eg inn på nett; ordspel, fjesboka, ravelry, adressa, Itunes … Eg gjer all slags dill som eg slett ikkje treng å halda på med, [...]

ABC i ord og bilete -I

Når ABC-dag og fyrste mai var samanfallande, var dagens bokstav grei! I for Internasjonalen: Opp, alle jordens bundne trelle! Opp, I som sulten knuget har. Nu drønner det av rettens velde: Til siste kamp der gjøres klar. Alt det gamle vi med jorden jevner, Opp, slaver, nu til frihet frem! Vi intet var, men alt [...]

ABC i ord og bilete -E

Min E står for min herlege son Even: 31. desember 2002 kom han til verda, tre dagar på “overtid”. 3160 gram og 48 cm var den lille mannen då han fann det for godt å koma ut av magen. Påska 2004: Hausten 2005: Våren 2006. Vi var i konfirmasjon, og Even fann den einaste søledammen [...]

Det går mot vår

Eg kjenner det går mot vår! Dagane er lengre og lysare, men no kan eg nyta snøen. Eg veit den ikkje vert her for alltid. Det sildrar frå takrennene, og eg har sett bar asfalt fleire stader. (Jaaada, eg veit det nok kjem meir snø, men akkurat NUH er det vår!) Eg tok bilete gjennom [...]