Posts Tagged ‘ferie’

Siste feriedag i år …

Thursday, October 8th, 2009

No sit eg her og kjenner på at ferien for i år definitivt er over, og det er eigentleg heilt greit. I morgon er det attende til “striskjorta og havrelefsa” att, men eg har ei herleg veke i Minneapolis å sjå attende på!

Å vere i USA var herleg! Eg hadde eigentleg aldri nokon gong tenkt på det som eit reisemål, det har alltid vore så langt unna og så dyrt, men då Tor Inge skulle dit, vart det enklare. Og det “verste” er at det kjennast ut som ein ting eg gjerne gjer fleire gongar!

Minneapolis var ein triveleg by, eg kjente meg eigentleg heime der ganske kjapt, sjølv om ting naturleg nok var annleis enn eg er van med. Eg kom jo dit på fredag i eitt-tida, og Tor Inge skulle ikkje koma til byen før laurdagen i to-tre-tida. Med andre ord hadde eg eit heilt døgn åleine. Det skremte meg litt på førehand, men då eg fyrst var der, var det heilt greit!

Eg sjekka inn på Hilton Garden Inn Minneapolis Downtown og kom til dette flotte rommet:

Her gjekk det verkeleg an å vere!

Noko av det fyrste eg gjorde, var å ta ein spasertur i “nærområdet”. Eg fann handlegata Nicollett Mall, og då var eg jo oppteken ei god stund. Noko av det fyrste eg handla, var forresten ein Acer aspire one til USD 299,-, og den måtte eg jo berre ha med meg attende til hotellet.

Å ete middag åleine offentleg er noko av det verste eg veit, men med amerikanske prisar kunne eg kosta på meg room-service, og det var herleg:

Kyllingfilét. kvitlauksbrød, salat, is-vatn og Corona! Og Criminal Minds på TV.

Eg tok tidleg kveld grunna tidsskilnaden, då klokka var 19 i Minneapolis var ho trass alt 02 her heime, så eg var temmeleg gåen etter å ha reist sidan tidleg om morgonen …

Laurdag vakna eg (stygg-)tidleg, men takka vere TV, pc og kaffitraktar på rommet, gjekk det ganske greit å få tida til å gå. Så vart det amerikansk frukost (egg i alle variantar, bacon, rista brød, donuts, frukt, juice, kaffi …) før meir byvandring på eiga hand, medan eg venta på Mannen:

I Downtown Minneapolis er det bygd “skyways” over bakkeplan slik at du kan gå varmt og tørrskodd i handle- og forretningsstrøket uavhengig av veret:

Då mannen kom, var lukka fullkomen! ;) Det var herleg å treffast att etter ei veke frå kvarandre, og det var heilt topp å ha ei veke i lag, berre vi to.

Laurdag kveld dressa vi opp oss og åt på ein fin restaurant, Ruth’s Chris Steakhouse. Der åt vi nydeleg middag, drakk utsøkt vin (2006 Francis Coppola Claret, Diamond Collection) og hadde kaffe og is/sorbet til dessert. Veldig vellukka og kjempehyggeleg! Servitørane svevde rundt oss, og nesten usynleg passa dei på at vi alltid hadde alt vi skulle ha.

Etter dette gildet, vandra vi ein tur i den varme kvelden, og ved ei vakker fontene ein flott park, fridde Tor Inge til meg. Det var faktisk heilt uventa, men veldig kjærkome. Han hadde til og med kjøpt ringen på førehand, så no er vi trulova!


Biletet over vart teke av ein tilfeldig forbipasserande, som gjerne tok bilete når han fekk høyra kvifor. :)


Resten av veka brukte vi berre på kos, vi gjorde akkurat det vi ville når vi ville, og det var ei uvant oppleving.

No er ferien over, og i morgon er det jobb att. I dag vakna eg med migrene, så det er på tide å ta kvelden, slik at eg er opplagt i morgon. Og snart er det helg att!

Eg er ikkje åleine!

Sunday, September 20th, 2009

Eg ser at eg slett ikkje er åleine om å ikkje ha blogga dei siste månadene. Det ser ut til at dette er den store “Comeback”-helga for bloggane eg følgjer, så her er det berre å hive seg på!

223 bilete frå august seier vel sitt om at det har vore meir interessant å gjere enn å skrive i det siste, og det er vel eigentleg eit godt teikn. I tillegg har strikketyet stort sett budd i korga si, og symaskina har samla støv. Vi får sjå om det rettar på seg ut over hausten og vinteren.

Men kva gjorde vi eigentleg i august då, ettersom det var så mykje å ta bilete av?

Vi var på dagstur til Ytterøya:

Og vi var i Namsskogan familiepark:

På familiedag på Tinnsvollen, med motbakkeløp, natursti og rømmegraut:

Og sanneleg fekk vi tid til ein helgatur til Sitter i Flatanger:

Eg ser det sjølv òg no; det er ikkje så rart at eg ikkje har blogga! Men det vert vel roligere dagar frametter, så eg håpar sjølv òg at bloggefrekvensen går opp att. :)

Takk til dei som har sagt at dei har venta på nye innlegg i bloggen, det er alltid artig å vita at nokon faktisk les det eg skriv.

Bloggtørke

Saturday, July 11th, 2009

Eg har lite å seie og å syna fram på bloggen for tida, men slik er det ofte om sommaren (det tyder vel på at ein faktisk har eit meir innhaldsrikt liv på denne tida, kanskje …). Men akkurat no, har eg faktisk noko å dela, og det er at ungane har vore til frisøren. Hulda har stussa litt på silkehåret, så der vart det ingen stor skilnad, men Even ville ha ein ny frisyre, og han vart skikkeleg tøff, spør du meg:

Til og med rottehalen er blå! Fargen er spraya på, og vaskast ganske lett ut, så det store ønsket no er å ha fargespray heime!

Elles er eg ferdig med storparten av ferien min, så eg er attende på jobb. Det er ikkje så verst å vere der heller! :)

Håpar alle har ein flott sommar, anten det er ferie eller arbeid på timeplanen!

Såpebobler

Sunday, June 28th, 2009

Det er om å gjere å finne på noko å gjere i sommarvarmen, og ungane fann tidtrøyte i såpeboblane.

Bileta er redigerte med Photoscape, som er eit gratis redigeringsprogram.

Ferieturen

Monday, August 11th, 2008

Her er eit knippe ferieminne frå veka i Jøssund i Flatanger:

Even har underhaldning i ein traktor!
Og Tor Inge har underhaldning i GPSen sin. ;)

Sjølvportrett!

Blankare vert det nesten ikkje …
Men attom oss ligg styggveret!

Båtførar med navigatør(ar).
Rekeaften. Det låg rekebåt ved kai i Lauvsnes då vi var der på handletur, og desse rekene var kjempegode!

I Sætervika på dagstur

I Sætervika låg båten Christoff som leikebåt for ungane.

Nokon har dekorert ein vegg med minne.

Flotte sandstrender nær Sætervika.

Denne kroken hadde Tor Inge klokkartru på. Innkjøpt i Sætervika, og skulle gje storfisk i Jøssundfjorden. Det einaste som beit på var denne flyndra.

Berga i Jøssundfjorden er mektige. Og dei går 100 m rett ned under vatnet òg!

Ein liten fiskarmann.

Vi køyrer mot kaia i Jøssund.

Ungane skulle testa flytevestane i kulpen nedanfor fossen.

Vatnet har danna ei hjarteform på berget.

287

Sunday, August 10th, 2008

ulesne innlegg i “google reader” tyder på at ein har vore på ferie.

I dag kom vi heim frå årets “store” ferietur: Ei veke på aker-hytta i Jøssund. Jøssund er ein idyllisk liten plass i Flatanger, og verkstadklubben ved Aker Verdal eig ei hytte der.

Vi kom dit på måndag 4. august, og dagane har gått overraskande raskt. Akkurat som for to år sidan vart det merkeleg nok for lite med ei veke. Det er så mykje ein vil gjere på denne veka, men vi har iallfall fått kost oss med fisking (med godt resultat), fotturar, og dei tøffaste har til og med bada i elva. I tillegg har vi sett film, spela playstation og ete masse god mat. Og vi har vore Utilgjengelege, for i Jøssund finnast det ikkje forhald for mobiltelefon, noko som faktisk er veldig godt. (Det einaste eg sakna sånn bittelitt var internett. Eg innrømmer det, men eg seier det ikkje så høgt …)

Kjem attende med bilete litt seinare. Er framleis i utpakkinga. Dessutan har eg 287 blogginnlegg å lesa. ;)

Skogtroll

Saturday, July 26th, 2008

Torsdag sendte vi ungane til skogs. Eller, det er ikkje heilt sant. Dei sendte seg sjølv. Dei hadde prata om å ligge i telt ved Leklemsvatnet, som er denne perla her:

Torsdag kveld vart vi med dei oppover og sette opp teltet, og eg trur ungane storkoste seg. Då eg kom fredag morgon i halv ti tida, såg det rimeleg rolig ut:

Då dei hadde vakna, vart det grilling og morgonbad:

Sjølv nytta eg høvet til å plukka blåbær og gå på fotosafari

Ungane kom heim att heilt av seg sjølve klokka 13:30 fredag, fornøgde med overnattingsturen.

Ferie like rundt hjørnet

Friday, July 18th, 2008

No er det berre to vakter att til ferien byrjar. Eg gler meg!

Sommardagar

Sunday, July 6th, 2008

No har vi hatt nokre herlege dagar, og det har vi verkeleg kost oss med.

Even er veldig glad i glad i jordbær, og det er jo sommarmat:

Fredag var vi med barnehagen på den årlege turen til Namsskogan familiepark. Dette var forresten Even sin siste dag i barnehagen. For alltid …

Slik såg det ut gjennom bussruta då vi hadde passert Steinkjer på heimturen:

Tor Inge kom syklande heim frå arbeid klokka 20:30 og vart møtt av to som hadde masse å fortelja etter turen til Namsskogan:

Og så vart det grillmat til kveldsmat:

Det er ikkje så mange dagane i laupet av sommaren i Trøndelag at ein kan vere slik kledd når klokka har passert halv ni på kvelden:

På laurdag køyrde Tor Inge til Østersund for å sjå på Linn-Therese som hadde kome til finalen i Storsjöcupen! Dei fekk sølv og ein diiiger pokal. :)

Vi andre tre måtte ein tur innom legevakta på formiddagen, for Hulda hadde fått ein veldig kraftig reaksjon på timotei, så augene var nesten attklistra … Iallfall, legedama hadde akuttmedisin (god effekt) samt resept på augedråper, og etterpå dro vi på Stornesøra:

Og no håpar eg berre at ikkje alt finveret er oppbrukt til eg får ferie …

For å skrive om noko anna enn

Monday, June 23rd, 2008

vesker, så ikkje Betty trur det har rabla heilt for meg, ville eg berre visa dykk nokre glimt frå hytteturen vi var på i helga.

Vi leigde idylliske Lustadstua i Ogndal i Steinkjer frå fredag til sundag. Her er det ikkje innlagt vatn, og straumen solcellepanelet genererer er eigentleg ikkje meir enn til det absolutt naudsynte. Ordentleg hytte, med andre ord: Vatn smakar nydeleg frå ei slik ause. Bringer fram barndomsminne i fleng! Vatnet varmast på omnen.

Tor Inge og jentungene er ute og fiskar på laurdagsmorgonen, før frukost!

Noko av fangsten, i alt fekk me 22 aurer. Den største var ca eit halvt kilo!

Laurdag fekk me besøk av Redningsmannen (les: Besten / Oddvar) med gåver. De skjønar, eg hadde jo pakka ned kaffi, meeeen det var kanhenda ikkje så smart å pakka med filterkaffi? Men kaffien smakte jo enno betre når eg måtte venta ei stund på han. Dessutan smakar kokekaffi kjempegodt på tur! :)

Andre glimt frå helga: