Posts Tagged ‘glede’

Morsdag!

Sunday, February 14th, 2010

I dag har vi feira morsdag, valentinsdag og fastelaven her i huset.

Tor Inge er på reisejobb, men ungane sørga for at det vart dekt flott frukostbord og at mor fekk gåver slik seg hør og bør på ein slik dag. Eg fekk sjokolade, karamellar, flax-lodd og kulelys, teikning, maleri og kort frå englane mine. Betre kan det vel ikkje bli? Når dei i tillegg dekte på og rydda av bordet, vart det perfekt.

Utpå dagen kom ein ny overrasking, denne levert på døra:

Om kjærasten var langt borte, greide han sanneleg å overraska meg likevel. Det var koseleg, det!

Elles har vi gått tur, bakt bollar og kanelsnurrar, ete kalkunfilét til middag og hatt besøk av besten. Ein herleg søndag, med andre ord, og mor er godt opplada for ei ny veke. Gratulerer med dagen til alle andre mødre òg! :)

Adventstid

Wednesday, December 2nd, 2009


Endeleg er det advent! I går koste vi oss alle i lag med Jul i Svingen på TV, pepparkaker, “kvitkjeks”, karamellar og julebrus.

Og mor sjølv fann noko å kosa seg med; eit flott mønster på pulsvanter på Ravelry då eg prøvde å finna ut kva eg skulle laga av det herlege garnet eg kjøpte på Crafty Planet i Minneapolis! Pulsvantene var veldig lettstrikka, dei vart faktisk ferdige på ein kveld:

Dei har ein herleg passform og er mjuke og varme. Og dei har allereie vore med meg ut i dag! :)

Ha ei herleg adventstid alle saman!

Ein blome til Ruth!

Wednesday, September 23rd, 2009

Denne er til deg, Ruth (http://ullhedina.blogspot.com/), avdi statistikken min seier at det er sida di som genererer mest trafikk til sida mi. Takk skal du ha, og takk til alle besøkande!

Legg gjerne att ein kommentar, det er så hyggeleg!

Snart reiser eg hit:

Monday, September 21st, 2009

Biletet viser “Downtown Minneapolis” og er lånt herifrå.

Gubben er allereie i Minnesota på klassetur, og fredag reiser eg etter. Då skal vi ha ei veke i lag. Åleine. Utan ungar, hund, hus og heim å forhalda oss til. Det er nesten litt skremmande å tenkje på! Det har vi enno ikkje prøvd, så det blir ei ny oppleving.

Nokre gode tips til kva vi bør få med oss når vi er der?

Det går mot vår

Friday, March 6th, 2009

Eg kjenner det går mot vår! Dagane er lengre og lysare, men no kan eg nyta snøen. Eg veit den ikkje vert her for alltid. Det sildrar frå takrennene, og eg har sett bar asfalt fleire stader. (Jaaada, eg veit det nok kjem meir snø, men akkurat NUH er det vår!)

Eg tok bilete gjennom vindauget et dag snøen var kram (eg ville ikkje forstyrra dei som var ute):

Hulda laga snømannen, og Even hjalp til med pynting. Vart det ikkje ein staut kar?

Det fekk meg til å synge denne visa av Alf Prøysen:

Kom skal du se på kjæresten din
Bustebartepinn, Bustebartepinn
Du titter ut og han titter inn
Bustebartepinn i snøen

Syns du’kke han er sveisen og pen
Bustebartepinn, Bustebartepinn
I morra så kan du gifte deg me’n
Bustebartepinn i snøen

Uvisst å si hvor lenge du har’n
Bustebartepinn, Bustebartepinn
I morra så kommer sola og tar’n
Bustebartepinn i snøen.

Og den visa fekk Even til å fortella historia om den grøne votten. Du veit, den som forsvann og var både heimen til musa og hjarte i snømannen. :)

Ha ei god helg, alle saman! Eg skal arbeide laurdag kveld og søndag morgon. Men akkurat no, er det lenge til!

Aftur genser

Sunday, February 22nd, 2009

No er eg “endeleg” ferdig med genseren min! Eg har brukt 28 dagar på han, og kjeda meg litt før eg kom til mønsteret, men strikkinga har gått veldig raskt no på slutten, mellom anna takka vere VM … Slik såg det ut i går morges:

Og eg kom i mål samstundes som Petter Northug i dag:

Passforma er heilt fantastisk, slik rundfellingsgensrar ofte er! Definitivt ein ny favoritt, men eg veit ikkje om eg strikkar ein til med det same. Det var rundt rekna ein million lause tråder etter mønsteret …

Garn og mønster kjøpte eg hjå Birgirsdottir. Eg tinga det ein morgon, og formiddagen etter låg det i postkassa. Betre kan det ikkje gjerast! Løp og kjøp viss du likar genseren. ;)

Favoritt-te i favoritt-kopp

Tuesday, February 17th, 2009

Ta meg med på tur:

Når tur-selen er på, ventar han i spenning. Diverre (eller heldigvis?) har ikkje biletet lyd, elles hadde de høyrd pistringa!

Det vart ein kort tur, grunna kald vind og sol som forsvann! Det kan henda hunden prøver å finna ly:

Det er nesten så han har nasen meir under enn over snøen på tur!

Då eg kom heim var det tid for dette:

No skal eg kosa meg vidare!

Ut på tur og nytt på pinnane

Wednesday, February 11th, 2009

Even går ponnikurs på Sandslia ridesenter, og i dag var dei ute på tur. Shettis i djupsnø er eit interessant syn, og eg er veldig lei meg for at eg ikkje hadde med kamera! Men for å seie det slik; det kan hende ponnien vart kald på magen! Dessutan var det god trening for Mor. Det er nesten så eg ikkje trur eg treng step-trimmen min i kveld. Men jau då, eg skal dit! Må berre slappe av litt fyrst … Eg har jo til og med kjøpt meg Flotte Sko:

Lekre, ikkje sant?

Og når eg kjem heim, har mannen satt DVD-opptakaren på pause så vi kan sjå “Sporløst forsvunnet” i lag. Eg gler meg!

På pinnane no har eg forresten denne:

Med den farta eg har på strikkinga for tida, vert den ferdig til neste år …

Med åtte roser

Saturday, February 7th, 2009


Med åtte roser
Åtte roser vil jeg gi deg:
Én fordi du er så pen.
Én for alle drømmer i deg.
(Lar du meg få plass i én?)
Én fordi du er en hulder.
Én fordi du er en ånd.
Én for trykket av din skulder.
Én for varmen av din hånd.
Én for håpet, én for slottet
vi skal bygge: Det blir åtte -
åtte roser som vil tørste
efter å få være nu
hos den niende og største
ville rose – som er du.

Andrè Bjerke

God morsdag i morgon til alle mødre der ute! Og takk til Mannen for flotte roser. :)

På tide med oppdatering

Sunday, January 18th, 2009

Eg har ikkje vore heilt i “bloggeform” i det siste. Dagane har kome og gått litt for raskt for meg, og i tillegg til alt ein har lyst til å halda på med, må ein jo sanneleg på arbeid innimellom òg …

Torsdag feira vi Hulda sin 10årsdag med jentene i klassen hennar. Dei vart til saman 14 stykker, og bursdagsbarnet sjølv hadde tinga “bassengkake”. Kva det er? Jo, det er sjokoladekake med eit gelébasseng. Slik:

Eg skar ut eit stykke av kaka og la aluminiumsfolie i “holet”. Den biten eg skar ut, fekk plass på kaka, og så la eg gelé i holet.

Pyntinga fekk bursdagsbarnet sjølv ta seg av, med stort hell:

Det er ho som er den kunstnariske i familien …

Kaka gjorde stor lykke, og då Even skulle feire 6 årsdag på laurdag (med 16(!) inviterte gjestar), ville han òg ha bassengkake. Hans vart litt meir prega av at det skulle vere mykje godt på ho, men den kaka vart òg flott!

Då kaka kom på bordet, viste det seg at jubilanten sjølv eigentleg ikkje syntest kaka var god, så han åt pølse (sjølv om han nettopp hadde ete 2):

Då var denne bursdagsmaratonen over, og det er eigentleg litt godt …

I små-stundene har eg strikka denne:

“Turn a square” heiter ho, og lua er både enkel og har god passform. Mottakaren seier han er fornøgd, men han ville ikkje bruka ho på tur i dag. Dette var “finlue”, visstnok.

Nokre glimt frå turen med det same:

Det er herleg å bu slik til at ein berre kan kle på seg og gå ut for å vere på tur!

No håpar eg at eg er “opplada” til ei ny arbeidsveke! Ha ei god veke alle saman!