Betre seint enn aldri
Friday, January 2nd, 2009Muffin inviterte til handarbeidsfest. Dei andre starta visst festen klokka 20 i kveld, men eg har vore på jobb. Eg skal på jobb i morgon klokka 7 òg, så her vert det korkje kaffi eller te. Ikkje ein gong ein kopp orkar eg å syne fram; eg drikk julebrus!
På pinnane har eg nettopp fullført ein Fishermans Friend-vott, skal vel starte på nummer to snart. Håpar festen har vore bra så langt, og at det er att litt sjokoladekake til meg òg.


