Posts Tagged ‘hus og heim’

Travel fridag

Tuesday, March 17th, 2009

I dag har eg hatt fri, så eg tenkte eg skulle baka ein gjærkrans til foreldremøtet i kveld. Når eg fyrst var i gang, bakte eg 4 brød òg. Og midt i dette gløymde eg å passa godt nok på kransen i omnen, så den vart veldig mørk!

SÅ mørk skal den ikkje vere! Det var slett ikkje noko gale med smaken, som de ser er jo ein god del borte allereide, men det er ikkje like artig å servere. Så eg laga like godt ein ny:
Denne vart betre. så den får lov å vere med på foreldremøte i kveld!

Ute er det møkkaver, med snø, sludd, regn og vind om ein annan. Då er det heilt greit å vere inne og gjere litt husarbeid!

Kjøkkenrydding

Sunday, November 9th, 2008

I dag fekk eg det for meg at eg skulle rydde bestikkskuffa på kjøkkenet. Og plutseleg hadde eg tømt, rydda og vaska alle 12 skuffene, gryteskapet og skapet med kopphanddukar og tuer. Det er ikkje så lenge til jul, vel? Det vert iallfall ikkje gjort fleire gongar før jul i år, men no veit eg iallfall stort sett kva eg har, og det er ein fordel med tanke på julebaksten òg.

(Og vess du lurar; eg gler meg til jul. Masse!)

Laurdagsstille

Saturday, November 1st, 2008

Mari har vore flink og både handla, rydda, vaska og tørka støv, og i tillegg blogga om dette allereie klokka halv ti i dag! Sjølv har eg tørka av stuabordet og funne ut at eg skal ha meir talglys enn elektriske lys i kveld …

Jula er ute!

Tuesday, January 8th, 2008

På søndag pakka eg ned all julepynt og dukar og tørka støv og vaska godt. Det kjennast herleg! Merkeleg dette med at det er godt å pakka ut julepynten, men (minst) like godt å pakka den bort òg?

Problemet var at det vart i overkant minimalistisk etterpå:

Den lekre duken er det stemora mi som har hekla (inga ond stemor her, med andre ord, berre ei veldig flittig ei), og dekorasjonen er rett og slett potpurri frå Ikea i ei glas-skål.

Iallfall; for å bøte på kjensla av at det vart tomt, var eg i dag på plantehandletur!

Eg kom heim att med 5 plantar;

gerbera primula peperomia

Ein gerbera, to primula og ein slags peperomia, samt enno ein grøn-plante eg ikkje hugsar namnet på.

Gerberaen fekk plass på det minimalistiske bordet, og no er det meir heimleg her:

No vart det (nok ein gong) eit godt hus å vere i!

På det nedste biletet visast duken ganske godt. Flott, ikkje sant?