Stakkars bloggen!
Monday, January 26th, 2009I eit liv som vert meir og meir travelt, er det bloggen eg ikkje tek med tid til. Førre veke arbeidde eg 5 dagar og var på skule 2 dagar. Og så har eg vore på arbeid i dag. Men no har eg fri “heilt” til onsdag klokka 15.
Eg fekk eit innfall her før jul, og fann ut at eg ville bli ein betre vegleiar. Som sjukepleiar har eg jo ofte studentar, og det å ikkje kjenna at ein greier å ta hand om dei på best mogleg måte er litt slitsamt. Difor oppdaga eg plutseleg at eg hadde meldt med på “Vegleiingspedagogikk I” på HiNT. Det er deltids- og samlingsbasert, og fyrste samling var førre veke. Det var både spennande og interessant, og litt godt både å sitje i klasserommet og i kantina att. -Men det aller beste var då eg skulle handla bøker, for dei var det arbeidsgjevar som skulle betala.
Vi får sjå om eg greier å finna meir å blogga om etter kvart, men nett no er hovudet tomt. Ha ei god veke, folkens!
