Posts Tagged ‘kos’

Adventstid

Wednesday, December 2nd, 2009


Endeleg er det advent! I går koste vi oss alle i lag med Jul i Svingen på TV, pepparkaker, “kvitkjeks”, karamellar og julebrus.

Og mor sjølv fann noko å kosa seg med; eit flott mønster på pulsvanter på Ravelry då eg prøvde å finna ut kva eg skulle laga av det herlege garnet eg kjøpte på Crafty Planet i Minneapolis! Pulsvantene var veldig lettstrikka, dei vart faktisk ferdige på ein kveld:

Dei har ein herleg passform og er mjuke og varme. Og dei har allereie vore med meg ut i dag! :)

Ha ei herleg adventstid alle saman!

Siste feriedag i år …

Thursday, October 8th, 2009

No sit eg her og kjenner på at ferien for i år definitivt er over, og det er eigentleg heilt greit. I morgon er det attende til “striskjorta og havrelefsa” att, men eg har ei herleg veke i Minneapolis å sjå attende på!

Å vere i USA var herleg! Eg hadde eigentleg aldri nokon gong tenkt på det som eit reisemål, det har alltid vore så langt unna og så dyrt, men då Tor Inge skulle dit, vart det enklare. Og det “verste” er at det kjennast ut som ein ting eg gjerne gjer fleire gongar!

Minneapolis var ein triveleg by, eg kjente meg eigentleg heime der ganske kjapt, sjølv om ting naturleg nok var annleis enn eg er van med. Eg kom jo dit på fredag i eitt-tida, og Tor Inge skulle ikkje koma til byen før laurdagen i to-tre-tida. Med andre ord hadde eg eit heilt døgn åleine. Det skremte meg litt på førehand, men då eg fyrst var der, var det heilt greit!

Eg sjekka inn på Hilton Garden Inn Minneapolis Downtown og kom til dette flotte rommet:

Her gjekk det verkeleg an å vere!

Noko av det fyrste eg gjorde, var å ta ein spasertur i “nærområdet”. Eg fann handlegata Nicollett Mall, og då var eg jo oppteken ei god stund. Noko av det fyrste eg handla, var forresten ein Acer aspire one til USD 299,-, og den måtte eg jo berre ha med meg attende til hotellet.

Å ete middag åleine offentleg er noko av det verste eg veit, men med amerikanske prisar kunne eg kosta på meg room-service, og det var herleg:

Kyllingfilét. kvitlauksbrød, salat, is-vatn og Corona! Og Criminal Minds på TV.

Eg tok tidleg kveld grunna tidsskilnaden, då klokka var 19 i Minneapolis var ho trass alt 02 her heime, så eg var temmeleg gåen etter å ha reist sidan tidleg om morgonen …

Laurdag vakna eg (stygg-)tidleg, men takka vere TV, pc og kaffitraktar på rommet, gjekk det ganske greit å få tida til å gå. Så vart det amerikansk frukost (egg i alle variantar, bacon, rista brød, donuts, frukt, juice, kaffi …) før meir byvandring på eiga hand, medan eg venta på Mannen:

I Downtown Minneapolis er det bygd “skyways” over bakkeplan slik at du kan gå varmt og tørrskodd i handle- og forretningsstrøket uavhengig av veret:

Då mannen kom, var lukka fullkomen! ;) Det var herleg å treffast att etter ei veke frå kvarandre, og det var heilt topp å ha ei veke i lag, berre vi to.

Laurdag kveld dressa vi opp oss og åt på ein fin restaurant, Ruth’s Chris Steakhouse. Der åt vi nydeleg middag, drakk utsøkt vin (2006 Francis Coppola Claret, Diamond Collection) og hadde kaffe og is/sorbet til dessert. Veldig vellukka og kjempehyggeleg! Servitørane svevde rundt oss, og nesten usynleg passa dei på at vi alltid hadde alt vi skulle ha.

Etter dette gildet, vandra vi ein tur i den varme kvelden, og ved ei vakker fontene ein flott park, fridde Tor Inge til meg. Det var faktisk heilt uventa, men veldig kjærkome. Han hadde til og med kjøpt ringen på førehand, så no er vi trulova!


Biletet over vart teke av ein tilfeldig forbipasserande, som gjerne tok bilete når han fekk høyra kvifor. :)


Resten av veka brukte vi berre på kos, vi gjorde akkurat det vi ville når vi ville, og det var ei uvant oppleving.

No er ferien over, og i morgon er det jobb att. I dag vakna eg med migrene, så det er på tide å ta kvelden, slik at eg er opplagt i morgon. Og snart er det helg att!

Hysj, det er laurdag!

Saturday, January 10th, 2009

“Kva skal du gjere i dag då?” sa gubben då han sto der i fullt skiutstyr, klar til å renne rundt i den blaute snøen i ei lysløype ein eller annan stad.

“Strikke!” gliste eg “Og høyre på radio og drikke kaffi og kooose meg!”

Han heva augebryna lett, og eg kunne sjå eit glimt av smil då han rista lett på hovudet. Han synast mine planar for ein laurdag formiddag er akkurat like absurde som det eg synast hans planar er. Det er ganske fantastisk!

Og det aller beste er at eg veit at når vi begge to gjer det vi har mest lyst til, gler vi oss desto meir til å sitje i lag og sløve i sofaen i kveld. Lage god mat og sjå ein film. Å vere så ulike på nokre område gjer nok at vi utfyller kvarandre og har noko å gje kvarandre når vi møtast att. Men akkurat no, har eg Laurdag Formiddag heilt åleine, nett slik eg likar det best!

Sjokoladekaramellar

Thursday, November 20th, 2008

Eg har “baka” i dag, her er eitt av glasa:

karamell

Eg har kokt karamellar. Det er tidkrevande, men verdt strevet!

Oppskrifta eg nyttar fekk eg på news (“njus”) for lenge lenge sidan. For dei yngre: “News” er ei forkorting for “newsgroups” som var den einaste måten å utveksla meiningar på før nettforum, bloggar og facebook dukka opp.

Her eg oppskrifta Signe Kristin Djuve delte med njus-folka i november 2001:

Signes sjokoladekaramellar
1,5 dl fløte
100 g smør
150 g mørk sirup
250 g sukker
100 g kokesjokolade
(100 g smutta mandlar)

Bland fløte og smør i ein tjukkbotna kjele og varm til kokepunkt. Rør inn
sirup, sukker og små stykke sjokolade og la blandinga småkoke ved svak varme
og utan lokk. Når ei teskjei av massen kan formast til ei kule i kaldt vatn,
er karamellblandinga ferdig. Rør eventuelt inn mandlane og tøm blandinga i
ei GODT SMURT form(veeeeldig viktig!) La massen bli heilt kaldt før du tek han
ut av forma og deler den opp i passelege bitar med skarp kniv. I oppskriften
står det at ein skal pakke bitane inn i cellofan, men eg brukar små bitar
plastfolie. Det er ein avsindig jobb, men du vil vere glad for at du har
gjort det – til slutt!

Eg har funne ut at det funkar bra å tømme karamellmassen i ei eldfast form på bakepapir. Då lyfter du ut heile papiret før du deler opp karamellane. Pizza-skjærar er flott reiskap til dette.

Dette er ikkje noko du byrjar med viss du har det travelt. Det tek lang tid å koka karamellane, og det er ikkje gjort i ei handvending å pakka dei inn heller. Men når du er ferdig, har du herlege karamellar. Eg oppbevarer dei i kjøleskapet. Dei smakar best då.

Denne gongen laga eg dobbel porsjon. Det vart utruleg mykje, men eg trur det trengst …

Sundag

Sunday, November 16th, 2008

Mannen er ute på tur, og sjølv tuslar eg mellom symaskina og datamaskina. Eg bur meg på advent! Resultatet får de truleg sjå i kveld. Fyrst må mannen koma att med fotoapparatet. :)

Mari ga meg forresten eit lite spark bak då ho blogga juleboka si. Mamma hadde ei slik, men for meg har det vorte med tanken heilt til no. Julebok er kjøpt inn, og eg har allereie byrja å skriva i ho.

Blogging frå hotell

Thursday, October 9th, 2008

Eg og Hulda er på jentetur i samband med PPS-brukarforum. Vi er i Hovudstaden! Kom hit tidleg i dag, og har nytta dagen til å sjå i butikkar, handla litt (ikkje garn! Ikkje eitt nøste! Ikkje enno iallfall …), og vorte samde om at Panduro er vår favorittbutikk!

Her bur vi:

På Radisson Sas Scandinavia. Kvifor dette hotellet? Vel, det har basseng i kjellaren! Og der har vi òg vore i dag. :)

Middag på Peppe’s er bra for damer på bytur!

Hulda kjøpte seg ein salat til kveldsmat, og gjett om ho kosa seg med å ete i hotellsenga!

Og kva gjer to damer som har vore på Panduro når dagen er på hell? Lager julekort vel!

Fra oktober2008

Men no er det på tide å sova. I morgon er atter ein dag.

Skogtroll

Saturday, July 26th, 2008

Torsdag sendte vi ungane til skogs. Eller, det er ikkje heilt sant. Dei sendte seg sjølv. Dei hadde prata om å ligge i telt ved Leklemsvatnet, som er denne perla her:

Torsdag kveld vart vi med dei oppover og sette opp teltet, og eg trur ungane storkoste seg. Då eg kom fredag morgon i halv ti tida, såg det rimeleg rolig ut:

Då dei hadde vakna, vart det grilling og morgonbad:

Sjølv nytta eg høvet til å plukka blåbær og gå på fotosafari

Ungane kom heim att heilt av seg sjølve klokka 13:30 fredag, fornøgde med overnattingsturen.

Båtlivet byrjar!

Sunday, April 20th, 2008

I dag har vi vore på Sandvollan og sett ut båten til Besten:

Dette gjekk smertefritt, og vi ser fram mot mange flotte dagar på sjøen.

Skjelvågen er ei perle, berre ta ein kikk:

Kosedag

Tuesday, September 25th, 2007

I dag har eg kveldsvakt, så Even har vore heime saman med meg på formiddagen. Veret var strålande i dag, så vi har hatt litt av kvart å gjere. Even har renska fuglekassa slik at ho er klar til neste år.

I år budde det ein fluesnapparfamilie der. Kanskje dei kjem att til våren?

Vi gjorde og eit forsøk som potetbønder i år og sette 6 potetar, men “åkeren” har vore neglisjert heile sommaren. Eg og Even tok for oss tre av plantane i dag, og sanneleg hadde det vorte potetbabyar! Her er den største og den minste poteten:
Til saman fann vi 13 potetar, og det synast eg er ganske bra. Dei tre siste plantene skal vi grave opp til helga når resten av ungane kjem, tenkjer eg.

Og etter arbeidsøkta smakte det visst godt med knekkebrød med geitost på! (Eg derimot, held meg til den vanlege fløytemysosten …)

Men no må vi hiva oss rundt; eg skal snart på arbeid. Men det var godt å ha fri ein formiddag!

Epleplukking

Monday, September 24th, 2007

I dag har vi kosa oss på Inderøya og plukka eple med Besten. Eg var derimot meir ivrig med kameraet enn eg var med plukkinga … Slik vart min dokumentasjon av plukkinga: