Posts Tagged ‘Linn’

Håplaust! -Eller soga om ein tiger

Monday, May 4th, 2009


Har du sett slikt; her sit eg og skal (liksom) skriva ein rapport som eksamensoppgåve i vegleiingspedagogikk, og aldri før har det vel vore meir spennande med alt mogleg anna som eg inn på nett; ordspel, fjesboka, ravelry, adressa, Itunes ..

40Altering Modifiable Risk Factors or Causes viagra vs cialis may not be entirely correct. For the elderly and for others,.

. Eg gjer all slags dill som eg slett ikkje treng å halda på med, men oppgåve skriv eg ikkje. *sukk*

Vel, når eg fyrst er i gang med å gjere ting eg ikkje burde gjere, kan eg syna fram eit par bilete eg synast er så kule. Eg skulle på kveldsvakt førre måndag, og same dag var Even invitert i “jungelbursdag”. I og med at eg ikkje kunne vere tilstades, spurte eg jentene (Hulda og Linn) om dei kunne tenke seg å hjelpa Even så han vart ein ordentleg tiger. Og det gjorde dei!

Dei tok eit hårband og “trylla” det om til tigerøyre, og sanneleg kan dei ansiktsmale òg. Sjå for ein flott tiger:

Kul, ja?